Kveldens planlagde kamp på Bordholmen mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G 9 er utsett til måndag 28.september kl. 18:00.
Les heile saka
Kveldens planlagde kamp på Bordholmen mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G 9 er utsett til måndag 28.september kl. 18:00.
Les heile sakaKommuneoverlegen har så langt ikkje fått påvist fleire nye smittetilfelle i dag. Dette er status pr. 17:50 søndag kveld.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har investert i ein heilt ny tilhengar for å kunne utføre transport av laget sitt utstyr og materiell mellom dei mange anlegg sine og andre stadar. Tidlegare har laget vore avhengig av å låne tilhengar til alle transportoppdrag, men no blir dei altså sjølvberga på dette området. Saman med kjøpet av tilhengaren har Idrettslaget og kjøpt lastesikringsutstyr og presenning for at transporten skal vere sikker. Om nokon treng å leige tilhengar, så er det berre å ta kontakt med Lars Stensby. Prisar og kontaktinformasjon lenger nede i saka.
Les heile sakaSøndag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag sin 5.kamp på 8 dagar. Kampen vart spela på Søyabanen og motstandar var Molde J12 2. Vêret var ganske bra heilt til siste halvdel av andre omgang, men då hadde vêrgudane bestemt seg for å opne slusene på vidt gap.
Les heile sakaNeste veke er det ikkje mindre enn tre fotballkampar på Bordholmen stadion. På måndag er det G9/10 kamp, torsdag er det J9/10 kamp og på laurdag er det G12 kamp. Det vil bli open kiosk på alle kampane med sal av m.a. bakels med graut.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Øyalia måndag 21. september. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ungdomshuset ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal pensjonistlag melder:
Tirsdag 22.9. går turen til Syltnebba. Vi møtes på parkeringsplassen ved alpinsenteret kl 1100 og følger veg/sti til toppen. Hugs mat og termos!
Kommuneoverlegen fikk laurdag kveld melding om eit nytt påvist smittetilfelle med covid-19 knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.
Les heile sakaLaurdag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag kamp mot Midsund J12 på Alvundfjord stadion. Det var gode speleforhold og til og med sola kika så vidt fram under kampen.
Les heile sakaI ei felles pressemelding onsdag denne veka orienterte ALTI Forvaltning AS i Surnadal og Falksenteret Eiendom AS som eig Falksenteret kjøpesenter på Kyrksæterøra om at dei hadde underteikna ein forvaltningsavtale som inneber at ALTI Forvaltning AS i Surnadal overtek forvaltninga av Falksenteret.
Les heile sakaNorsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, har 15 avdelingar spreidd utover heile landet, mellom anna har dei ei avdeling på Tingvoll. Dei tilsette her var torsdag 17. og 18. september på fagtur til Nordvik og Todalen og avslutta fredag ettermiddag med ein avstikkar til Stangvik.
Les heile sakaDa vi trefte Brit Grønmyr hang ho i ein stige på fjøsveggen og dreiv innhausting av eple. – Åkerø er prima vare, og på den søraust vendte fjøsveggen får nok epla nok varme til å mognast til smakfull og god frukt, fortel Brit. No er Brit heime hos familien i Todalen ein tur, men til dagleg har ho sitt liv og virke i Lofoten og Vesterålen. Der skal ho passe på at naturen blir teken vare på og bruka på forsvarleg måte.
Les heile saka