Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – avlys- og stengingar som følge av nasjonale smitteverntiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. januar 2021

I ei melding frå Surnadal kommune no i ettermiddag har vi fått ei kort statusoppdatering Som følge av dei nasjonale smitteverntiltaka som Regjeringa innførte frå og med i dag, melder Surnadal kommune om avlysingar og stengig av somme tilbod. Stengingane gjeld i første omgang fram til måndag 18.januar, men kan bli forlenga på kort varsel. 

Nyttårskonserten med TrondheimSolistane 8.januar er avlyst:

TrondheimSolistane har avlyst alle sine nyttårskonsertar, inkludert nyttårskonserten i Surnadal. Dei som har kjøpt billetter på nett blir kontakta. Dei som har kjøpt billetter kontant, kan kontakte Surnadal kulturhus. 

Desse tilboda blir midlertidig stengt:

Frivilligsentralen er stengt frå 4. – 18.januar

Kinoen er stengt frå 4. – 18.januar

Ungdomsklubben er stengt frå 4. – 18.januar

Bygdebokkontoret er stengt for besøkande frå 4. – 18.januar. Ein kan ta kontakt med bygdebokkontoret via telefon 414 94 340 eller epost norunn.holten@surnadal.kommune.no

Bibliotek, Foajeen på kulturhuset og venterommet for bussane held ope: 

Biblioteket, Foajeen på kulturhuset og venterommet for bussane er opne for publikum som vanleg med vanlege opningstider. 

Kommunen medler og at Surnadal Ungdomsskule frå og med tysdag 5.januar har tilnærma normal drift for alle elevar på alle 3 årstrinna. Det blir ikkje gjeve undervisning i faga: Mat og helse, innandørs gym og symjing.  

Publisert: 4. januar 2021, 15:17