Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alpinsentret: Klart for sesongopning komande søndag.

Jon Olav Ørsal Fredag 8. januar 2021
Odd Rune Hoem og gjengen i Surnadal Alpinsenter har nytta kaldvêret godt og har fått etablert ein skikkeleg såle med kunstsnø frå mast 7 og ned til stasjonen.  Dei har vore i full sving både dagar og kveldar, og snøkanonane har produsert mykje snø.  Frå mast 7 og ned er det no rundt 1 meter med kunstsnå, og det skal halde til ein skikkeleg såle.  Søndag er det plana å opne anlegget frå 7-ern og ned, og da blir snøproduksjonen flytta til øvre del av anlegget, fortel Odd Rune.  

Snøkanonane har jobba godt i kulda den siste tida. No er det ein tjukk såle på rundt ein meter i nedre del av bakken. Foto: Jon Olav Ørsal

Han er rimeleg godt fornøgd med salet av sesongkort allereie før sesongen startar og reknar med at det blir eit oppsving når anlegget opnar komande søndag. Det er kanskje lurt å kjøpe kort på forhand slik at du slepp å stå i kø for å kjøpe kort på opningsdagen. I helga er det forresten meldt at det kan bli litt natursnø, og da blir det nok kjempefine forhold i alpinbakken

Det har vore mange travle og lange dagar for Odd Rune Hoem den siste tida, men no er det snart klart for opning av anlegget, fortel han. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Men Odd Rune ber om at det blir teke hensyn til koronasituasjonen og faren for smittespreiing.  Det er tre grunnpilarer for å bremse smittespredning som skal følges overalt:

1. Sjuke personar skal halde seg heime.
2. God hand- og hostehygiene og godt reinhald.
3. Halde minst 1 meters avstand til andre enn sine næraste, og generelt redusere kontakten mellom personar.
Det er ein person pr. heiskrok unnateke om man er i same husstand.
Varmestua har begrensa kapasitet på folk for å halde minst ein meter mellom gjestane.
Fleire opplysningar omopningstid, prisar og andre ting finn fu på heimesida til Surnadal Alpinsenter!
 
 
 
Først publisert: 8. januar 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 9. januar 2021, 19:21