Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein person har fått påvist Covid19 i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 5. januar 2021

Ein person i Surnadal kommune har fått påvist Covid19 smitte i dag. I tillegg har smittesporing i nabokommunen Heim ført til at to nærkontaktar no er sett i Karantene. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at situasjonen er under kontroll. 

Personen som har fått påvist Covid19 smitte er heimehøyrande i Surnadal og fekk smitta påvist etter ei utanlandsreisePersonen det gjeld er isolert og ein nærkontakt er sett i karantene og vil bli testa. Personen som har fått påvist Covid19 smitte, har ikkje hatt kontakt med andre i kommunen og det er difor ikkje nødvendig med lokal smittesporing 

Ei pågåande smittesporing i Heim kommune, med utgangspunkt i Molde kommune, har ført til at to nærkontaktar frå Surnadal blir testa og er sett i karantene. Desse tilfella har ikkje noko å gjera med det smittetilfellet som er påvist etter utanlandsreise.  

Publisert: 5. januar 2021, 13:10