Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett & Svett foreløpig stengt til og med 18.jaunuar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 5. januar 2021

Todalen Idrettslag melder at Hett & Svett stenger dørene att, foreløpig fram til og med måndag 18.jaunuar. Det vil då bli gjort ei ny vurdering om gjenopning, når nye nasjonale smittevernstiltak er kunngjort. Den foreløpige stenginga blir gjort etter dialog med kommuneoverlege Bjørn Buan måndag kveld. 

I utgangspunktet har treningssenter lov til å halde ope, med unntak av for gruppetreningar. Men sian Hett & Svett blir drive av eit idrettslag på frivillig basis, gjeld reglane for idrettslag, som akkurat no seier at all innandørs idrettsaktivitet er stoppa fram til og med 18.januar. Treningssentra i Surnadal er derimot opne for trening, bortsett frå gruppetrening. Så for den som føler for litt trening no etter jul, så er det altså mogleg å få gjort dette, mellom anna ved Atleta, i Surnadal. 

Todalen Idrettslag vil kome med ny oppdatert informasjon når dette føreligg.

Publisert: 5. januar 2021, 16:00