Det er Todalen historielag som laurdag 29. mai frå kl 12 og utover inviterer til kulturvandring i Brusetgrenda, frå Bruset og oppover til hengebrua. Kulturvandringa starta på Bruset kl 12, og så går turen innover grenda, med kjente guidar – Ola Bruset, Kristen Bruset og leiar i historielaget John Moe som blir med på turen. På returen går turen nedom Nernesset, der det før i tida var busetting.
Les heile saka
I dag er mesta i gang med tillyst utbetringsarbeid på på asfalten på fylkesvegen på 3 plassar. Arbeidet starta i dag tidleg og vil gå føre seg utover dagen på Todalsøra, ved Pilskaret og på begge sider av Brusetbrua. Til saman er det snakk om 2-300 meter som no får eit nytt lag med asfalt.
Les heile saka
Laksefisket nærmar seg med stormskritt – i Toåa startar fisket den 15. juni og varer til 15. august. I Surna er dei i gang om ei veke – nærare bestemt tysdag 1. juni går startskotet der. Det er nok mange som stundar til at laksefisket skal starte, og «medan du ventar» har Todalshytta lansert ein flott promoteringvideo i samarbeid med utstyrleverandøren Zpey. Opptaka vart gjort i Toåa i fjor sommar og resultatet – ein videosnutt på 3-4 minutt vart sleppt for eit par dagar sia.
Les heile saka
Terje Nordgarden er nå svanger med ein ny singel, IMAFY, som legges ut i disse dager. Terje er godt kjent i Todalen, etter deltakelse på fleire låtskrivarseminar på Todalshytta og for konserter samme sted. Nordgarden jobber med et nytt plateprosjekt og sleipper nå singelen IMAFY, som er med i dette prosjektet. IMAFY er andre singel […]
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag lanserer, onsdag 26.mai klokka 18:00, sykkeltrim. Sykkeltrimmen er eit lågterskel-tilbod som passar for alle i alle aldrar og uanhengig av utstyr. Trimgruppa tek sikte på å ha sykkeltrim den siste onsdagen i kvar månad fram mot hausten/vinteren.
Les heile saka
Nils Gjeldnes har funne eit par solbriller på ein av benkane i Svinvikrunden. Solbrillene vart funne på ein av benkane når du har kome opp bakkane frå Svinvika, og vegen flatar ut. Solbrillene har svart innfatning med blåe glas.
Les heile saka
Gåseparet som har hekka på taket av våningshuset i Nilsstua på Husby stakk av i dag. Vi observerte at det kom nye verdsborgarar tilsyne i går, og skjønte at «den store flyttedagen» nærma seg med stormskritt. Vi observerte iallfall to ungar på taket i går, men mora ruga vidare så det vart nok fleire. Men på morgonen i dag, pinseaften, lurte dei oss og stakk av medan vi sjølve var i dusjen.
Les heile saka
Det store og ærverdige forsamlingshuset i Stangvika, Bondehuset, vart bygd for 100 år sidan. Dette jubileet blir markert 2. pinsedag med variert program i Stangvika.
Les heile saka
Mesta opplyser i ei pressemelding til redaksjonen, at det tysdag 25.mai, frå klokka 08:30, vil gjennomført asfaltering på fylkesvegen ved Pilskaret, ved Brusetbrua og på Todalsøra. Det vil vil i perioden asfaltarbeidet pågår bli redusert framkomelegheit, men med unntak av på Todalsøra vil det vere mogleg med omkøyring.
Les heile saka
Ungdommar som fyller 17 år i år og er registrert busett i Surnadal kan søkje på ordninga «Sommarjobb-17». Hovudmålet er å gje ungdommane innsikt i arbeidslivet, og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Les heile saka
Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9 lag sin første heimekamp på Søyabanen denne sesongen. Tidlegare har laget spela ein bortekamp mot Tingvoll. På den andre banehalvdelen hadde heimelaget fått besøk av Bøfjord/Bæverfjord, så dette var eit «klassisk» lokaloppgjer.
Les heile saka
Torsdag 20.mai tok stavgangarane turen til Hamnes. Etter parkering ved gården til Torstein Hamnes ble det vandring langs fjorden i retning Sandneset. Veien innover er ca. 2 km., og da ble det 4 km. totalt. Dette var en passelig gåtur på nesten 90 min. Torstein hadde stilt restauranten i det renoverte fjøset til disposisjon for kaffepause, noe vi satte stor pris på. Vi var så heldige at vi hadde med oss 15 elever fra Surnadal Videregående skole, og til alt overmål serverte de flotte og velsmakende muffins. Dette var så bra at det gjerne kunne vært dessert i 4-stjernes middag.
Les heile saka