I ei statusoppdatering frå Surnadal kommune, om koronavaksineringa, heiter det: – Det kjem fleire vaksinedosar i veke 32 og 33 som gjer at Surnadal kommune no startar med å tilby andre vaksinedose. Surnadal kommune seier seg ferdig med ordinær innkalling for dose ein denne veka, og vi endrar fokus til å prioritere dose to.
Les heile saka
Torsdag 12.august klokka 19:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskeforening (SJFF) til familiesjøfiskekveld frå båt, både for store og små, på Nordvik. Dette er eit årvisst arrangement SJFF har arrangert i fleire år, og som har vore eit populært arrangement.
Les heile saka
Robotplenklipparen som forsvann frå den nedre parkeringsplassen på Haugen vegkryss onsdag ettermiddag, åhar kome til rette att. Politiet opplyser at robotklipparen vart observert sett frå seg, på same plass som den forsvann frå, i går ettermiddag.
Les heile saka
På Norsk Vandrefestival 2021 som i helga vart arrangert i Rindal, vart Eva Laukøy tildelt Vandrestaven. Det er ei utmerking som vert delt ut til eit friluftsengasjert menneske eller ei foreining som har utmerkt seg i arbeidet for å spreie friluftsglede. Eva Laukøy har gjennom mange år utmerka seg gjennom sin litt tilbaketrekte rolle som programskapar i NRK, heiter det i juryens grunngjeving
Les heile saka
Det såg faktisk litt grått ut i dag tidleg, og nokre regndråpar låg att på terrassen og varsla om at vêret kanskje ikkje var heilt trygt. Men det var berre falsk alarm, for vêret vart betre utover føremiddagen, og da frilustsgudstenesta starta var det både god temperatur og lite som kunne minne om regn. Da gudstenesta starta kl 11 var det faktisk eit 40-tal som hadde benka seg i arboretets uterestaurant. Og sjølv om blomstringa nok er på hell, vart da uterestauranten ein staseleg katedral og ga friluftsgudstenesta ein fin atmosfære.
Les heile saka
For mang er vel sommarferien no på hell, og på denne månadens kåring kan vi seie at det ser ut som at det har vore ein fin og varm juli.
Les heile saka
Det siste halvanna året har det vore stille rundt Senioruniversitetet og prega av Covid 19 og koronavirutset. No held aktivitetane på å kome attende, og dei prøver å få igang litt aktivitet igjen. Først ute er arrangement på Gammelfabrikken i Todalen der det blir omvisning og presntasjon av Talgø si lange industrihistorie. Her vil vi også få litt tankar om framtida for Talgøkonsernet. Det skjer onsdag 25. august og det blir samkjøring frå kulturhuset til Gammelfabrikken i Todalen.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune, blir det opplyst at det er innført restriksjonar på bruk av drikkevatnet frå det kommunale vassverket på Nordvik, Sollia vannverk. Grunnen til dette er lite tilsig av grunnvatn.
Les heile saka
I går var stavgangarane i Surnadal pensjonistlag på sin første tur etter ferien, og denne gongen gjekk turen til Ranessetra. Det vart ein skikkeleg fin tur i høveleg turvêr. Vel framme på Ranessetra varta vertskapet opp med kaffe frå svartkjel og eplekake.
Les heile saka
På Todalshytta har det vore full trøkk og ny giv i sommar. Arve Evensen som er vertskap på hytta, fortel at det har vore i minste laget med vassføring i elva med tanke på laksefisket, men laksefiskarane har likevel kome til Todalen og Todalshytta for å feriere og for å kose seg i elva og på hytta. Den siste tida har det også vore mange spisegjestar og «vanlege» turistar både som har budd på hytta og som har teke turen hit for å prøve «Kammerpike Ediths» meny.
Les heile saka
Mellom klokka 17:55 og 18:15 i går, forsvann det ein Husqvarna 430 robotplenklippar frå den nedre parkeringsplassen (der infotavlene og brødhuset til Matkroken Todalen står) ved Haugen vegkryss. Politiet ber difor om tips frå folk som har passert staden i det aktuelle tidsrommet, og som kan ha sett noko.
Les heile saka
Tysdag 10.august startar Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag oppatt med fjellturar. Den første turen etter ferien går til Torviksetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Torvik.
Les heile saka