Onsdag morgon var ei gruppe AP-politikearar på snarvisitt på MøreTre for å få info om stoda for den mykje omtala royalsaka som har versert dei sista halvanna åra. Gruppa var nok på valkampturne i området og fatta altså interesse for denne viktige saka mange kan bli berørt av. Det var konsernsjef Terje Talgø som orienterte […]
Les heile saka
Her kjem avstemming av månadens bilete for august, mang ett fint bilete med god sommar stemning. Hjelp oss med å kåra ein vinnar. Du kan stemma fram til torsdag kveld.
Les heile saka
Elinor Bolme, leiar i valstyret i Todalen krins, fortel at stemmelokalet i Todalen for årets Stortingsval er lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opnar dørene klokka 12:00 og har ope fram til klokka 20:00 måndag den 13.september. Stemmelokalet vil vere godt merka, så det skal ikkje vere noko problem å finne fram, sjølv om stemmelokalet, i år, er lokalisert på ein ny stad!
Les heile saka
I går vart det endeleg tur til Åsbøsnyta for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sist dei skulle på tur dit, spela ikkje vêrgudane på lag med dei, og lenge såg det ut til at dei ikkje skulle gjere det denne gongen heller, men vêret letta såpass at dei 14 deltakarane bestemte seg for å ta turen, noko dei ikkje angra på.
Les heile saka
4.-12. september blir «Friluftslivets uke» markert med arrangement over heile landet. I Surnadal inviterer Todalen idrettslag i samarbeid med kommunen til friluftstreff for store og små ved gapahuken på Tjønnmyran onsdag 8. september kl. 18.00. Det er meldt dårleg vêr, men det blir arrangement uansett, så ta med regntette klede og vanntette sko/støvlar.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Regjeringa, via NTB, blir det opplyst at Trollheimen landskapsverneområde er foreslått omgjort frå landskapsverneområde til nasjonalpark. Det er Miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V) som er ansvarleg statsråd for nasjonalparkane som opplyser dette til NTB.
Les heile saka
Under slåttaarbeid på Reitan vart det funne ein daud elg i ekkerkanten. Det ser ut til å være eit ungt dyr som har har sjølvdauda ganske nyleg, og elgen ser ikkje ut til å være skadd på nokon måte.
Les heile saka
Dagens kløvertur var den 4. denne haustsesongen, og alle fire turane har gått i godt ver sjølv om det har vore utruleg mange regnversdagar denne perioden. Heldige med veret så langt altså!
Les heile saka
Torsdag 9. september er det tur til kvenndalen som står på programmet for stavganggruppa i Surnadak Pnesjonistlag. Det er oppmøte attmed bommen ved Kvennbø for samkjøring derifrå. Oppmøte til vanleg tid kl 11:00, melder stavganggruppa.
Da meldee Politiet at eigar og hund er gjenforeint og at saka dermed fekk ein lykkeleg slutt. Det var på tidleg ettermiddag at Politiet etterlyste eigaren av ein hund som var teken vare på.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. september til Tjønnmyran. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
«Team hit and hope» med Rune Lønnum og Kari Lise Kongshaug frå Kristiansund og Omegn Golfklubb gjekk til topps i «Svorka Mini Maraton 2021». Det var Surnadal Golfklubb som stod som arrangør av turneringa på Surnadal golfpark på Mo laurdag. Turneringa var ei såkalla parturnering og vart spela 3 rundar av 9 hål.
Les heile saka