Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oversikt over nasjonale råd og reglar covid-19

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. februar 2022
Regjeringa presenterte i går, tysdag 1. februar, endringane som er gjort i covid-19 tiltaka. Mange av dei smitteverntiltaka vart med det borte eller lempa på. Dette inneber ein meir «normal» kvardag, sjølv om det framleis er nokre viktige smitteverntiltak som framleis gjeld.Her er ei oversikt:

Barnehagar, skular og skulefritidsordningar

  • ​​​​​Det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
  • Det betyr i praksis at skular og barnehagar går til grønt nivå.

Høgare utdanningsinstitusjonar

  • Det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
  • Mest mogleg fysisk undervisning
  • Unntak frå 1-meterensregelen

Organisert idrett og fritidsaktivitetar

  • All organisert idrett og fritidsaktivitetar kan gjennomførast som normalt.

Arbeidsliv

  • Regjeringa anbefaler at folk held 1 meter avstand til  kvarandre
  • Arbeidsgjevarar vurderer sjølv rett bruk av heimekontor med vekt på risiko og sårbarheit ved samtidig høgt sjukefråvær ved den enkelte arbeidsplass
  • Arbeidsgjevarar bør ta omsyn til om det er mogleg å halde 1 meter avstand på arbeidsplassen.

Serveringsstader

  • ​​​​​Det er ikkje lenger skjenkestopp for serveringsstader
  • Det er heller ikkje krav om bordservering
  • Serveringsstader skal legge til rette for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
  • Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestane enn 1 meter, til dømes dansing.

Arrangement og samankomstar

  • Det er ingen avgrensingar på kor mange gjestar du kan ha heime, eller tal på deltakarar på private eller offentlege samankomstar.
  • Det er framleis krav om smittvernfagleg forsvarleg drift (sjå under)
  • 1-metersregelen gjeld ikkje for personar som sit på faste tilviste plassar
  • Dette betyr at det er mogleg å fylle alle plassane i ein sal når alle sit på ein tilvist plass.

Testing, smitte og isolasjon

  • Isoleringstida for den som er smitta er no fire døgn.
  • Den som er smitta, kan avslutte isoleringa etter fire døgn, dersom ein har vore feberfri i minst 24 timar.
  • Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære ein som er smitta har ikkje lengre plikt til å vere i smittekarantene.
  • Regjeringa anbefaler at den som bur saman med eller er tilsvarande nær ein som er smitta, tek ein sjølvtest kvar dag i fem dagar etter siste nærkontakt med den som er smitta.
  • Dersom det ikkje let seg gjere å halde avstand til den som er smitta, anbefaler regjeringa at ein testar seg kvar dag i isoleringsperioden og i tillegg fem dagar etter dette – til saman i ni dagar.
  • Utover dette er det berre dei som har symptom som bør teste seg.
  • Regjeringa anbefaler at husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som er smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader. Ein bør  unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter siste nærkontakt.
  • I tillegg bør ein følge med på symptom under heile testperioden. Dersom ein får symptom, bør ein halde seg heime og ta ein sjølvtest.
  • Barn i grunnskulealder eller yngre treng berre test ved symptom. Det gjeld også når det er smitte i husstanden.

Smittesporing

  • Dersom ein er smitta, bør ein sjølv informere nærkontaktane sine. Kommunen kan hjelpe til med dette ved behov.
  • Ein bør registrere positiv sjølvtest på «Registrering av positiv hurtigtest»
  • Regjeringa anbefaler at ein også registrerer positiv test i appen «Smittestopp»

Avstand og sosial kontakt

  • Anbefalinga om 1 meter avstand til andre enn hustandsmedlemmar gjeld framleis.
  • Anbefalinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule
  • Anbefalinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.
  • Regjeringa anbefaler framleis å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand til andre.

Munnbind

  • Det er påbode å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre i butikkar, på kjøpesenter, på serveringsstadar, på kollektivtransport, i taxi og på innandørs stasjonsområde.
  • Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr at verksemda skal sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære.
  • Verksemda må ha rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Desse verksemdene skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope:

Bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, kortvarige marknader, underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande.

Publisert: 2. februar 2022, 22:44