Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta fikk tilslag på balldagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. februar 2022

Det var skikkeleg tilslag både på potetballen og sildballen da Todalshytta arrangerte balldag på tysdag.  I Todalen er det nok sildballen som har lengst tradisjon, men det er så hipp som happ kva som er mest populært i dag.  Hos bessmor bruka alltid sildball og saltfiskball, fortel Kjell Arve Vikavoll som er ballkokk på Todalshytta, og som held ein knapp på sildballen.  Det er vi enig med han i.

Gjestene var i allfall begeistre for balldagen, og verten Arve Evensen kunne rapportere om jamnt tilsig med spisegjestar utover dagen.  – Dette vart så bra at vi slår til med balldag neste tysdag og. Om det blir kvar tysdag utover er vi usikre på, men  etter kvart som det vårast vil vi nok ha hyppige balldagar.  Vi tek som vanleg mot bestilling på ball på telefon eller SMS nr 929 97 550. 

Alt neste tysdag blir det ny balldag på Todalshytta. Det er verdt å ta turen! Foto Jon Olav Ørsal

Todalshytta er medlem i Todalen.no

Publisert: 1. februar 2022, 19:39