Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ball for all på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. februar 2022

No er det full fart på ballgrytene på Todalshytta – frå kl 15 og utover er det klart for servering av både sildball og potetball med tilbehør.  Da vi stakk innom i føremiddag var det full aktivitet på kjøkkenet og ikkje minst så var det rette lukta – det dufta sildball og potetball da vi var innom og helsa på kokken Kjell Arve Vikavoll. 

Ball med tilbehør – skank, grovpølse, bacon, kålrot og potet. Foto Jon Olav Ørsal

Det var også godt med tilbehør, for det var både skank, stekt bacon og potet og kålrabi.  Det er berre å gle seg på ballmiddag.  Det var faktisk kome inn ein del bestillingar, og vil du være sikker på å få servert ball, så kan det være lurt å ta kontakt med Arve på Todalshytta – telefon 929 97 550 med ei bestilling.

Som sagt startar serveringa kl 15:00 og pågår til kl 18:30.  Velbekomme!

Publisert: 1. februar 2022, 10:00