Grunna dårleg vær er rute 46 Kvanne – Rykkjem inntil vidare, frå og med avgangen kl 20:00 melder Fjord1. I nattens mulm og mørke melder Fjord1 at det blir normal drift frå morgonen igjen.

Grunna dårleg vær er rute 46 Kvanne – Rykkjem inntil vidare, frå og med avgangen kl 20:00 melder Fjord1. I nattens mulm og mørke melder Fjord1 at det blir normal drift frå morgonen igjen.
I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det var fine forhold for å gå på ski i fint preparerte løyper. Gradestokken viste eit par blå grader, så temperaturmessig var det langt betre i kveld enn førre tysdag, da det var skikkeleg kaldt. Mange hadde møtt opp og tok nokre rundar i dei fine løypene.
Les heile sakaHer kjem kåringa av fjorårets siste månandens bilete. Snart klart for å kåre årets bilete 2021.
Les heile sakaTorsdag 13. januar frå klokka 18:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Tilbodet er for alle barn og ungdom frå 6 år og oppover. Det blir allsidig aktivitet etter ønske.
Les heile sakaI ei pressemelding frå kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan, no i ettermiddag, får vi informasjon om smittesituasjonen i Surnadal kommune. Vi får også ei statusoppdatering på vaksineringa i kommunen. Smittetrykket er akkurat no lågt, men kan endre seg raskt. Dette fordi det er mange smitta både i Kristiansund og Trondheim.
Les heile sakaNorges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar, gjennom si varslingsteneste varsom.no, om store nedbørsmengder i form av regn onsdag, torsdag og fredag. Dette gjer at det er sendt ut varsel om fare for flom, snø- og jordras i Surnadal kommune. På onsdag er farenivået for snøras i utsette fjellområde på raudt nivå, medan jordras og flom er sett til oransje nivå, noko som betyr nest høgaste nivå for slike varsel.
Les heile sakaTysdag 11. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Les heile sakaVi har hatt en bra kursdag i fjellet, med praktisk instruksjon om ting som det er nødvendig å kunne dersom du skal drive med randonee. – Vi har blant annet lært om veivalg, basis skredvett, gå-teknikk og bruk av sender/mottaker i skredredning, seier Arnt Owe Røed som var instruktør. Han skryter av ungdommene som deltok på kursdagen og skryter også av været og føret fjellet bydde på.
Les heile sakaLaurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen. Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn.
Les heile sakaLeiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, melder driftsstyre vinteranlegg i idrettslaget har køyrt opp løyper både for ski og fotturar i Toåa tursti. Det er også køyrt opp skiløyper på Kvennset og oppover bygda, og ho melder om skikkeleg fine forhold for å komme seg ut på tur i løpet av helga.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) no i føremiddag, får vi oversikt over alle fellesturane KNT kan tilby i 2022. Aldri før har turistforeninga hatt så mange fellesturar på programmet, så dette året er det gode moglegheiter for å kunne bli med på tur.
Les heile sakaVi har no lagt inn Remidt sin tømmekalender for hushaldningsavfall for 1. kvartal i aktivitetskalenderen vår. Vi vil i god tid før 2. kvartal tek til, legge inn tømmekalenderen for 2. kvartal. Når det gjeld sortering av hushaldningsavfall, tømmekalender og andre spørsmål knytt til renovasjon, kan du gå inn på remidt.no.
Les heile saka