Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hundekøyring og open ungdomsklubb i vinterferien

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. februar 2022

Surnadal frivilligsentral har fått midlar frå SpareBank 1 SMN som gjer at dei kan inviterer til hundekøyring på Nerskogen hos Trollheimen Husky, Hundekjøring for alle AS, tysdag 22. februar. Tilbodet er gratis, og for barn og unge i alderen 10 – 18 år. Aktiviteten blir tilpassa alderen på deltakarane. Turen går med buss fra Skei klokka 09:00 med retur frå Nerskogen ca. klokka 14:00. Påmelding innen fredag 18. februar! Maks 40 plassar. For meir informasjon og påmelding:  surnadal.frivilligsentral.no/vinterferien2022. Tilbodet er gratis og påmeldingsfristen er fredag 18. februar. 

Les heile saka


Tilskot til tilrettelegging av historiske ferdselsårer

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. februar 2022

Lag og organisasjonar kan søkje om midlar til tilrettelegging, skjøtsel og formidling av lokale, historiske ferdselsårer – og, om du les til endes i dette innlegget: du kan også søkje til mangt anna. Det er Riksantikvaren som har ordninga om ferdselsårer, der kvart lag kan søkje om inntil 100.000 kroner. Møre og Romsdal fylke skal likevel ha søknadane først og vidaresende.

Les heile saka

Stort snøfall og travle tider

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. februar 2022

I det nye året har vi hatt eit spesielt vêr – først var det mykje regn, og no er det mykje snø.  Og snøvêr det betyr snøbrøyting det betyr ekstra jobb for mannskapet på Todalen Mjølk.  Det har brøytinga både på fylkesvegane og kommunevegane (eks. Kårvatn) og brøyting av private vegar og rundt butikken og fabrikkanlegget på Kvennset. 

Les heile saka

Randonee-EM i Spania – ny dag med sterk innsats

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. februar 2022

Det er ikkje berre i Beijing det blir kjempa om gull og glitter.  Randoneelandslaget deltek på EM i Spania – nærare bestemt i landsbyen  Vall de Boi,  som ligg i Catalonia på rundt 1100 m.o.h. I dag er det vertikal som står på programmet, og det går kort og godt ut på å kome seg fortast muleg til toppen!  Og fort gikk det til gangs for damene i 18-årsklassen –  Ida Waldal frå Hommelvik gikk heilt til topps med ei bestetid på 30,53, medan Elise Hjelset Andersen kom på 8.-plass og Malin Indergård frå Romsdal på 9.-plass.

Les heile saka

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. februar 2022

Todalen Idrettslag kaller inn til årsmøte 17. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Michal Heimlund, på e-post: michalheimlund@gmail.com innen 2. mars. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til laiar i valnemnda, Elinor Bolme, på e-post: elinor.bolme@gmail.com eller mobil: 901 96 268, innan 2. mars.

Les heile saka

Hevdar seg i randonee-EM i spanske Vall de Boi

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. februar 2022

Onsdag var den første dagen med konkurranse under EM i randonee, som går i den spanske landsbyen Vall de Boi som ligg i Catalonia på ca 1100 meter høgde og har eit folketal på rundt 1000 kan vi lese på Wikipedia.  Det norske Randoneelandslaget er på plass med ei tropp og fekk i dag bryne seg i på konkurrentane frå Europa.  Erik Kårvatn frå Todalen deltek i 20-årsklassen, saman med Trym Dalset Lødøen frå Nordfjordeid. – I dagens prolog kom Lødøen på 17.-plass og Kårvatn på 20.-plass. I kvartfinalane kom begge på 4.-plass i kvart sitt heat, og dermed var det stopp. 

Les heile saka

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. februar 2022

Indre Nordmøre Forsvarsforening kallar inn til årsmøte tysdag 15. februar klokka 13:00 på Hammerstuene, på Surnadalsøra. Vanlege årsmøtesaker. Det blir også ei orientering om «Mørekonferansen» som blir arrangert onsdag den 5. oktober i år. Enkel servering. 

Les heile saka


Innspurt i saniteten sitt «kunstlotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. februar 2022

Tysdag 15. februar, under årsmøtet til Todalen sanitetsforening, er det trekning i sanitetsforeninga sitt «kunstlotteri». Det er kunstverket «LYKKE», som er laga av kunstnaren Marit Bergem, som er gevinsten i «kunstlotteriet» denne gongen. No er det innspurt i loddsalet, og siste frist for å kjøpe lodd er måndag! 

Les heile saka

Surnadal kommune – Status for koronasituasjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. februar 2022

I si vekentlege statuoppdatering for koronasituasjonen i Surnadal kommune, kan kommuneoverlege Bjørn Buan opplyse at det dei to siste vekene er registrert 158 nye koronasmitta i kommunen. – Vi er midt i smittebølgen, men har god beredskap for å trygge kvardagen, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Les heile saka