Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti onsdag 6. april klokka 17:00. Det er behov for å gruse opp deler av turstitraseen, som har fått litt medfart i løpet av vinteren, og det må sagast ned nokre tre langs traseen. Så ta med høveleg utstyr til slikt arbeid og bli med på dugnad!
Les heile saka
Todalen historielag slo to fluer i ein smekk og avvikla årsmøter i eitt – både for året 2020 som var det store koronaåret og for 2021. Sjølv om det har vore mykje restriksjonar har det faktisk vore bra aktivitet i historielag, der årsskrifta har kome som planlagt, men det har nok vore begrensningar i arrangement, der folk brukar å treffast.
Les heile saka
Visit Northwest stakk i dag innom på sin presentasjonsrunde – dei tilsette i Visit Northwest bruker eit par dager kvar måanad for å reise på visit til medlemskomunar og medlemsbedrifter for å gjera seg kjent i distriktet. Dei jobbar på heiltid med å presentere og framsnakke sine medlemar og jobbar målretta for å marknadsføre sine medlemar både i inn og utland.
Les heile saka
Måndag kveld inviterte Surnadal kommune til informasjonsmøte om førebuingane til mottak av inntil 100 flykningar fra Ukraina. Ordførar Margrete Svinvik kunne ønskje ein nærast fullsett Svorkasal med tilsette, presse og frvillige velkomne til møtet
Les heile saka
Todalen historielag minner om sitt årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 29. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val, står på saklista til historielaget sitt årsmøte. Ingri og Ragnhhild vil vise historiske bilete. Det vil bli servert kveldsmat.
Les heile saka
I seg sjølv har Maria Bodskaps dag eit ungdommeleg innhald – med tekster om tenåringsjenta som vart Jesu mor. I Stangvik kyrkje kasta også konfirmantar og 6-åringar glans over denne lysaste dagen i fastetida.
Les heile saka
Det er ikkje berre løse takplater i turstien. I den sterke vinden som har vore i ettermiddag og kveld så har det og vore eit par vindfall.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Har du mista solbrillene dine på tur frå Bruset og innover langs elva mot Fosstrøinn? Solbrillene på biletet heng på grein langs stien.
Les heile saka
Det er lause takplater på løa som står i Gunnøya – I dag er det meldt sterk vind, og vi vil oppfordre folk som ferdes i området til å være merksame på faren.
Les heile saka
Snart er det klart for servering på Todalshytta, som minner om balldag tysdag frå kl 15:00 og utover til kl 18:00. Som vanleg er det både sildball og potetball på menyen, og sjølvsagt supplert med vanleg tilbehør. Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 975 16 103.
Denne veka har Bergen og Voss arrangert NM-veka, der 11 idrettar i løpet av 4 dagar skal gjennomføre 23 norgesmesterskap, der heile 68 NM-vinnarar skal kårast. NM i Randonee er mellom idrettane som står på programmet, og der sikra Erik Kårvatn sølvmedalje i laurdagens sprinkonkurranse, nokre fattige sekund etter vinnaren Hans Inge Klette frå Voss, som konkurrerte på heimebane.
Les heile saka