Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fenomenal innsats under Skyrun-VM i Andorra

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juli 2022

Idag gjorde dei to deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb ein formiddabel innsats under VM i Skyrun i Andorra.  I yngste klasse A vart Aron Rodal Haugen nest beste norske på 7. plass, etter Emil Aslaksen Røed. Aron kom inn på tida 1:58:52,53, berre 16,08 etter vinnaren.  På 10.-plass, og mesta hakk i hel kom Mads Kirkreit Gjethammer  med 17,32 etter.  I yngste klasse B var det Erik Kårvatn som slo til og kapra 5.-plassen i konkurranse med 37 deltakarar. Han kom inn på tida 2:04:04:96 som er 7,44 etter vinnaren av klassen, Iu Jaume Ametller frå Spania.  

Etter målgang var det godt å kvile ut i skuggen!

PÅ dei øvrige norske i klassen kom Iver Hole Synstnes inn til 7.-plass med 8,41 etter og på 11.-plass Trym Dalset Lødøen med 12,39 etter spanjolen.  I dameklassen vann Ida Waldal yngste klasse B, ogi yngste klasse A kom Ingeborg Synstnes Hole på 2.-plass med 1:58:52,53 – 6,23 etter vinnaren og Ingrid klokset på 5.-plass med 32,41 etter vinnaren.

Sterk varme prega også dagens løp, men det ser mesta ut som løparane har klart å akklimatisere seg, og klarer å yte sjølv om dei opplever sterk og uvant varme.  

Bildegalleri frå dagens løp i Andorra – alle foto Vigdis Rodal, Arnt Owe Røed og Gudmund Kårvatn

Publisert: 24. juli 2022, 17:46