Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken.
Les heile sakaI helga, 12. – 14. mai, inviterer Surnadal Golfklubb til årets første VTG-kurs («Veien-Til-Golf» = nybegynnerkurs) for nybegynnarar på Surnadal Golfpark på Mo. Så kjenner du nokon som har lyst til å lære å spele golf, så er det berre å tipse dei om kurset!
Les heile sakaFredag 12. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Lia gard feirar at våren endeleg har kome igang! Dei feirar dette med å gje bort ein ferdig pyntet pavlovabunn til ein av dei som førehandsbestiller varer til utsalet sitt førstkomande fredag.
Les heile sakaMarius Kvande (13), med bestemor frå Sagtrøa i Ørsalgrenda, spelte ein fantastisk runde under årets opningsturnering «Hook & slice» på Surnadal Golfpark på Mo. Han sette like godt ny banerekord med 66 slag. Dette tilsvarer par på Surnadal Golfpark.
Les heile sakaRobert Ostrowski kom til Todalen frå Polen for snart fire år sia, og har i den perioden jobba både for Talgø Møretre, Talgø Bygg og no i Talgø Tradbo – alle tre er firma i Talgøkonsernet. I Talgø Tradbo har han spesialisert seg på malingsarbeid og tilhørande. Med bopel på Brekkvoll i Brusetmarka trivs han godt i Todalen, men har lyst til å nytte fritida til å starte hobbyfirma med bilpleie – og trur det er ein marknad for slike tenester
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 8. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaVårsprell 2023 kom vel i hamn med sin revy på kulturhuset laurdag kveld. Det skal jammen være god underhaldning når du skal halde koken i 3 stive timer og samtidig ha stigning i programmet. Her kunne du berre lene deg godt tilbake i stolen og nyte det som kom frå scena – her var det samla mykje god scenekunst som gjennom kvelden fikk latterdøra på vid vegg.
Les heile sakaMånadens bilete i april skal bli kåra, og i april var det både vinter og vår. Kåringa blir avslutta på bursdagen til Einar Gerhardsen og Fred Astaire, altså 10. mai.
Les heile saka17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.
Les heile sakaDa har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for juli og august, vil bli lagt inn i starten av juli månad.
Les heile sakaDet er funne eit messetelt på 3 ganger 3 meter av merket O B Wiik på parkeringsplassen ved nedkøyringa til Haltbkken. Teltet er teke vare på, og eigar kan få det att ved å ta kontakt med redaksjonen i Todalen.no på telefon 986 11 707, så opprettar vi kontakt med finnaren.
Les heile sakaI sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.
Les heile saka