Setra Drift og Talgø Tradbo har som kjent innleia eit samarbeid om utbygging av leiligheter i Svartvassområdet i Surnadal. Det skjer gjennom selskapet SE-TA Project AS.
Les heile saka
Setra Drift og Talgø Tradbo har som kjent innleia eit samarbeid om utbygging av leiligheter i Svartvassområdet i Surnadal. Det skjer gjennom selskapet SE-TA Project AS.
Les heile sakaGudstenesta i Stangvik søndag blir møte med særprega profilar. I si siste messe som sokneprest vil Torbjørn Brøske aktualisere Døyparen Johannes – Sankt Hans. Torbjørn har siste året gjort vikarteneste i området – mest i sokna Stangvik, Todalen og Åsskard
Les heile sakaBli med og løp «Stor-rointj» søndag 25. juni. Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre «Bankmila» i samarbeid med Surnadal IL, skigruppa som er teknisk arrangør. Banken byr på deltakarpremie til alle som tek runden rundt bygda.
Les heile sakaNordvik Grendalag inviterer til St. Hans-feiring i Nistufjæra fredag 23. juni klokka 18:00. Grendalaget ordnar med varme grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.
Les heile sakaLeiar Todalen elveeigarlag, Stig Husby, fortel at frå i år er laksevaldet «Steinutgarden» med i elveeigarlaget igjen. Steinutgarden har vore leid ut som privat elv i mange år no. Stig er glad for at den populære strekninga, ved utløpet av Romåa, no er tilgjengeleg for kortkjøparane i gjen. No blir Steinutgarden rusta opp til å ta i mot laksefiskarane, og ny fin gapahuk er under bygging og klar til bruk i løpet av veka.
Les heile sakaTrimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer, i år som i fjor, til St. Hans-feiring i gapahuken ved Båthølen fredag 23. juni klokka 18:00.
Les heile sakaMåndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen. De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Skjennå torsdag 22. juni klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Surnadal bygdemuseum på Åsen.
Les heile sakaNordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 24. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt få å vaske og rydda innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Les heile sakaFredag 23. juni, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før sommaren. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til St. Hans feiringa. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile sakaI helga har det vore monteringsarbeid i klubbhuset på Bordholmen stadion. Nils Ove Bruset, Magne Søyset og Lars Stensby har nemleg montert det nyinnkjøpte kjølehjørnet Todalen Idrettslag har kjøpt for å ha i Klubbhuset på Bordholmen.
Les heile saka