Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!
Les heile saka
Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!
Les heile sakaMatkroken Todalen – eller L. Hals Eftf. AS som er det juridiske namnet, blir 111 år søndag 29. Oktober. Kan det bli den siste bursdagen som butikken kan feire. 31. juli neste år har Terje Nordvik bestemt seg for å bli pensjonist på heiltid – alderen og utslitne kneledd krev sitt, og etter råd frå fastlegen vil han no «ta livet med ro» som han seier.
Les heile sakaEtter kløverturar utanom Kammen i september, vart det rolege kløverturar i Toåa tursti dei to første måndagane i oktober.
Les heile sakaSurnadal kommune har no lagt ut Todalen skule for sal. Eldste delen av skulebygningane er bygd i 1920, gymsalen påbygd i 1982 og eit lite påbygg frå 1997. Prisen er sett til ei krone. Det er driftsplan og framtidig bruk av bygningsmassen som vil vere avgjerande for kven som får tilslaget.
Les heile sakaMåndag morgon starta Veidekke asfaltarbeidet rundt omkring i bygda. Asfaltarbeidet var planlagt før helga, men mykje nedbør og snøbyger i lufta gjorde at arbeidet måtte utsetjast til måndag. Måndag føremiddag starta arbeidet med asfaltering frå Hjellabrekka til Øyabrua – vidare kjem det til å gå slag i slag til alt er ferdig. Det er eit asfaltlag frå Veidekke som utfører arbeidet og transport av asfalten skjer frå Kristiansund i regi av Surnadal Transport.
Les heile sakaTrimgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag 12. oktober klokka 11:00 oppatt med innetrim. Innetrimmen vil denne sesongen foregå på Frivilligsentralen på Skei!
Les heile sakaLaurdag 7. oktober inviterte husflidslaga i Rindal og Surnadal til programkveld i Surnadal kulturhus med tema «Bunaden vår. Nordmørsbunaden, Farstadvesten og Rindalsbunaden». Unni Irmelin Kvam, Grethe Farstad Hjertaker og Ole Kristian Gundersen kåserte om bunad og bunadbruk. Dei formidla stor kunnskap og stort engasjement om temaet.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 9. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSøndag var det epledag i Svinviks arboret, med både innhausting og foredling på dagsorden. Sjølv om gradstokken berre såvidt var på plussida og snøgrensa låg på 4-500 meter, var det mange som kom for å få med seg denne opplevinga. Sissel, Katharina og Ola jobba på fleire frontar, og dermed var det både frukt, eplejuice og gode bakverk som resultat.
Les heile sakaI dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973.
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går tnkt å sesongavslutte med tur til Øygardshalsen, men på grunn av vegarbeid på skogsvegen, måtte dei endre turmålet.
Les heile saka