I ei pressemelding no i ettermiddag, opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan at det er tre nye som er bekrefta smitta og to nye positive hurtigtester. – Det er eit visst smittetrykk i kommunen for tida, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.
Les heile saka
I ei pressemelding no i ettermiddag, opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan at det er tre nye som er bekrefta smitta og to nye positive hurtigtester. – Det er eit visst smittetrykk i kommunen for tida, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.
Les heile sakaI ei pressemelding, no seint i ettermiddag, oppdaterer kommuneoverlege Bjørn Buan oss om smittestatusen i Surnadal kommune. To nye bekrefta smittetilfelle og fem uavklarte positive hurtigtestar.
Les heile sakaI kveld var det trekning i Todalen Grendalag sitt «Julegatelotteri». Totalt 14 gevinstar fekk etter kvart ein heldig vinnar. Det vart seld 215 lodd i årets «Julegatelotteri» Todalen Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd i årets «Julegatelotteri» for støtta. Todalen Grendalag takkar og det lokale næringslivet som har bidrege med gevinstar.
Les heile sakaTodalen Grendalag står som initiativtakar og arrangør av den flotte julegata på Kvennset i samarbeid med Talgø og Matkroken Todalen som også er med på lyssettinga. Det var mange som trossa dei 15 kuldegradane og møtte opp for å være med på tenninga av julegata som skjedde søndag kveld – presis kl 18.
Les heile sakaI helga har det nok vorte lys i mange julegraner rundt omkring i distriktet. Her i bygda er det første arrangementet ferdig medan det neste ventar sinare mot kveld. I Bekkerhagen bustadfelt har dei eigen julepåle som det etter kvart har vorte tradisjon å tenne lysa på.
Les heile sakaMedlemmer av Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, har dei siste dagane nytta kaldvêret til å lage skeiseis på Bordholmen. Todalen Idrettslag har bestilt nye ishockeyvant, men desse er ikkje på plass enda, så foreløpig er det berre skeiseis utan ishockeyvant.
Les heile sakaUtstillinga «Tussmørkre» som opna lørdag ettermiddag er den siste utstillinga som Surnadal kunstforening arrangerer i jubileumsåret. Her er det til saman 10 utstillarar som stiller 41 bilder og 3 skulpturar. Det var Mette Sæter Ormset som opna utstillinga og bandet Alex Trio kasta glans over arrangementet med musikalske innslag.
Les heile sakaI dag hadde medlemmer frå Start 4H rigga seg til med salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei selde kornband. Sal av kornband har, etter kvart, blitt ein tradisjon i Start 4H, og noko dei har gjort i mange år no. Gradestokken viste fleire blå grader, så det var ei klar påminning om at småfuglane treng litt ekstra godsaker no når det går mot full vinter og mørketid.
Les heile sakaVi har i haust opplevd at straumen har vore dyrare i Sør-Noreg enn i Midt-Noreg – faktisk 5-6 gonger så dyr. Sist fredag var det også straumsjokk her i Midt-Noreg – med prisar på same nivå som Sør-Noreg – faktisk ti gonger så dyr som førre laurdag.
Les heile sakaSå snart vi kunne måle kuldegrader på gradestokken så var snøproduksjonen i gang i Surnadal Alpinsenter i Sæterlia. Fredag var det snøprodksjon i gang og dersom den kalde vêrtypen held, så blir det nok snøproduksjon nokre dagar.
Les heile sakaGudmund Kårvatn og Olve Børmark fortel at det har vore spesielt hektisk denne veka, som nok er prega av både Black Week, Black Friday og sjølvsagt sett nok julehandelen etter kvart preg på aktivitetane både i butikken og i nettbutikken. No er det altså heilsvarte dagar med 25% på det meste av sortimentet – med visse unntak.
Les heile sakaI morgon (laurdag) vil medlemmer frå Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, for å selje kornband. Kornbandsalet går føre seg i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 15:00. Start 4H ønskjer alle velkomne innom standen sin, for å kjøpe kornband eller slå av ein prat!
Les heile saka