På laurdag møter du fleire kandidatar frå Surnadal Arbeiderparti på stand ved Alti-senteret. Vi vil gjerne høyre kva saker som er viktige for deg fram mot valet, og vi byr gjerne på ein kaffekopp. Du møter oss frå kl. 11 til 14.
Les heile saka
På laurdag møter du fleire kandidatar frå Surnadal Arbeiderparti på stand ved Alti-senteret. Vi vil gjerne høyre kva saker som er viktige for deg fram mot valet, og vi byr gjerne på ein kaffekopp. Du møter oss frå kl. 11 til 14.
Les heile sakaTreffast Surnadal fekk for rundt to år sidan avtale med ein grunneigar om å disponere ei hytte ved vegen opp til Syltnebbå. Sidan avtalen vart gjort, har Treffast hatt dugnadar, der gjengen har vist stor «stå-på vilje» og måla hytta, både innvendig og utvendig. Dei har også fått bygd ein utkikks-plass ved hytta.
Les heile sakaSurnadal frivilligsentral og Surnadal ungdomsklubb har saman laga eit gratis aktivitetstilbod for ungdommar i starten av skuleferien. Aktivitetane vil foregå i tidsrommet måndag 26. juni til og med torsdag 29. juni, altså første veka av skuleferien.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Skarven i Bøverdalen. – Vi var 25 pensjonistar som fekk ein overlag fin fjelltur i det heilt perfekte turveret!, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. – Skikkeleg sommarver med over 20 grader, men heldigvis ein lett bris og litt dis!, legg ho til.
Les heile sakaLokal musikk pregar gudstenesta når Torbjørn Brøske søndag takkar av som vikarprest. «Folketonemesse frå Todalen» ber hovudledda i liturgien. Denne «Missa Todalensis» byggjer på folkesalmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Til vakre og spenstige todalstonar har så Bernt Bøe laga kormelodiar over dei fem vanlege messeledda. Messa vart komponert til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.
Les heile saka17. maikomiteen har evaluert årets 17. maifeiring i Todalen, og kjem med konkrete og konstruktive endringar til framtidig feiring av nasjonaldagen. Komiteen foreslår at Todalen bøgdalag overtek det formelle ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen, og at Todalen Idrettslag blir med som medarrangør på same måte som i dag, altså serverer frukost på Bordholmen eller ungdomshuset.
Les heile sakaI veke 30, 7. – 11. august, inviterer kyrkja i Surnadal og Rindal til dagsleirar. Dette er eit tilbod til dei som bur i Surnadal og Rindal og som er fødde frå 2013 – 2016, og som ønsker å ha det kjekt saman med andre på sin alder i kristen regi.
Les heile sakaSiv Halle er fotografen bak månadens bilete i juni. Vi gratulerer!
Les heile sakaSvinviks arboret inviterer til Lunsjvandring i Svinviks arboret onsdag 7. juni. Oppmøte ved kaffeen kl. 13:00.
Les heile sakaSurnadal demensforening og helselag har ofte sosiale arrangement for bebuarane på Surnadal sjukeheim. Om sommaren er det kjekt med treff ute, men veret her på Nordmøre er ikkje alltid å lite på. Derfor søkte dei Sunndal sparebank, avdeling Surnadal, om støtte til innkjøp av telt.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 19. og tysdag 20. juni. Det er ledige timar båe dagane.
Les heile sakaTorsdag 15. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen tek dei turen både ut av fylket og kommunen, nemleg til Igeltjønna i Rindal kommune.
Les heile saka