På grunn av Koronasituasjonen arrangerer juletrefestkomiteen på Nordvik rebusløp i staden for den tradisjonelle juletrefesta i år. Rebusløpet blir arrangert laurdag 26.desember. Rebusløpet har start ved Nordvik forsamlingshus mellom klokka 12:00 – 14:00. Juletrefestkomiteen skriv at dei vil sende av garde små grupper/familiar om gongen slik at folk blir mest mogleg spreidd under rebusløpet.
Les heile saka
Vintersolkverv er det tidspunktet på året at sola står lågast i forhold til horisonten. Dette skjer den 21. eller 22. desember og varierer i forhold til skottåret. I år er vintersolsnu måndag 21. desember, og det nøyaktige tidspunktet er kl 10.02 UTC. Dermed er natt til måndag årets lengste natt og måndag er årets kortaste dag. Det monner ikkje så mykje de første dagene, men etter kvart så stig daglengda med 6 minutt kvar dag her på Nordmøre.
Les heile saka
I løpet av hausetn har 12 ungdommar i alderen 10 – 12 år frå, Surnadal og Sunndal kommunar, hatt «Workshop» i keramikkarbeid i regi av Brit Dyrnes frå Kvenna Kunstverksted. I løpet av hausten har ungdommane fått lære å arbeide med ulike teknikkar innafor keramikkhandverket sitt utrulege univers. Maria K. Bergli (12) og Selma S. Gjeldnes (11) representerer Todalen på keramikkutstillinga «Kunstnere in spe» i Bondehuset i Stangvik i helga. Utstillinga opna i dag kl. 13:00, og vil vere open òg i morgon, søndag 20.desember, mellom klokka 13:00 – 15:00.
Les heile saka
Bading i elva er vel ikkje akkurat det første ein assosierer adventstida med? Men på Kårvatn var det i ettermiddag heile 15 grader, og freistinga, for å ta eit forfriskande bad, vart for stor for Gudmund og Nora. Så dei iførte seg badeklede og hoppa ut i elva. Om det var behageleg temperatur i elva tvilar vi vel eigentleg på, men dei to påstod i alle fall at det var godt med ein dukkert i elva.
Les heile saka
I dag hadde Todalen Idrettslag si Økonomi og markedsgruppe rigga seg til med salsstand på Matkroken. Her vart dei «rykande ferske», og etter vår meining, fine 0,5L thermodrikkeflaskene idrettslaget har fått tak i, og som dei no sel. Flaskene er kvite og er utstyrt med Todalen I.L. sin fargelogo. Flaskene kostar kr. 150,-. Så her er nok eit julegåvetips!
Les heile saka
Ein liten trimtur nedover Toåa tursti kan ofte gje deg ein ide om saker til Todalen.no. Det er fint å gå frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua, men det lønner seg å være litt forsiktig da det no finns litt is på enkelte plassar. I dag tok vi Liv Larsen «på fersken»da ho var i gapahuken i Båthølen for å skifte batteri i batterilykta som står på bordet der. Egentleg veldig triveleg at nokon bryr seg om å skape litt trivsel no når dagen er på sitt kortaste, slik som Liv har gjort.
Les heile saka
Laurdag 19.desember mellom klokka 10:00 – 15:00 vil Økonomi og markedsgruppa i Todalen Idrettslag vere på Matkroken Todalen for å selge sine nye 0,5 liter thermo drikkeflasker. Flaskene har idrettslaget sin logo i farger og kostar kr. 150,-. Det vil vere mogleg å betale med kontantar og med Vipps. Vippsnummeret er 105468.
Les heile saka
På en pressekonferanse på i lokalene til Melby Snekkerverksted orienterte Terje Talgø i Talgø Invest og Bjørn Melby i Melby snekkerverksted om at Talgø går inn som majoritetseier i Eide-bedriften Melby. Melby Snekkerverksted AS er en tradisjonsrik familiebedrift som produserer trapper og trappeløsninger. – Selskapet er eid av familien Melby og er lokalisert til Eide, i Hustadvika kommune. I dag har selskapet 22 ansatte, fordelt på design, oppmåling, produksjon, montering, administrasjon og salg. Daglig leder Bjørn Melby vil fortsette i en sentral rolle i selskapet også fremover.
Les heile saka
Takstmann Øyås AS, frå Surnadal, fortsett å ekspandere, denne gongen gjennom å etablere seg med avdelingskontor i Molde. Dagleg leiar, Nils Håvar Øyås i Takstmann Øyås AS, fortel at dei over lengre tid har hatt aukande oppdragsmengd, og at dei difor ser at det er eit behov for å utvide firmaet for å kunne møte den auka etterspørselen.
Les heile saka
Som dei fleste andre, så vil òg Surnadal kulturhus ha redusert opningstid i samband med jul og nyttår. Kulturhuset er heilt stengt 24.12, 25.12, 26.12 og 1.1. Dei andre dagane er det redusert opningstid.
Biblioteket er i romjula ope den 28.12 i tidsrommet klokka 11:00 – 14:00 (Meirbibliotek 14:00 – 15:00).
Les heile saka
I november vart band 4 av Bygdebok for Surnadal lansert. Totalt er det planlagt ti band, men det kan sjå ut til at dei seks siste banda vil bli forsenka med minst eitt år i høve til opprinneleg plan. Dei fire banda som er utgjevne er:
Band 1: Åsbøen – Kårvatn
Band 2: Brøskja – Kvanne
Band 3: Søyset – Hyllbakkan
Band 4: Pollen – Sogge
Les heile saka
Avisa Driva melder akkurat no at Møre og Romsdal fylkeskommune har snudd i saka om færre avgangar og lengre seglingstid for rute 46: Kvanne – Rykkjem. «Eg fikk en telefon fra fylkesveidirektøren i Møre og Romsdal Fylkeskommunen, som kunne fortelle at det blir ingen endringer i rutene. Rutene blir opprettholdt slik som de er, og fylket vil i stedet se an kaiforholdene utover vinteren», seier Margrethe Svinvik til Driva.
Les heile saka