Stor stemning på Ekeberg og de andre stadionanlegg for våre lokale lag i dag. 4 kamper og 4 seirer så langt.
Les heile saka
Stor stemning på Ekeberg og de andre stadionanlegg for våre lokale lag i dag. 4 kamper og 4 seirer så langt.
Les heile sakaFørste dag er godt i gang og våre lokale lag har starta sitt cupeventyr i regntunge Oslo i dag. Vi oppdaterer saka utover dagen og kvelden, etter kvart som laga melder inn sine resultat til redaksjonen. Under er også eit bildegalleri frå innkvartering og første kampdag. Pulje 12 Kvass/Ulvungen (E: Gutter 7-er, 15/16 år) 26.7 […]
Les heile saka”Det regnar aldri på konsertar i Todalen, – det er berre å sette opp eit telt, så sluttar det”, sa Erik Malling da han introduserte Knut Reiersrud på scena på Todalshytta laurdag kveld. Regnet hølja nemleg ned ein liten halvtime før friluftskonserten starta, men før sceneteltet var ferdig montert var det igjen opplett.
Les heile sakaLaurdag 8. august kl 15 blir det stor gratiskonsert på Syltnebba melder primus motor Svein Håvard Saksen. Konserten var som kjent tidlegare planlagt til pinsehelga, men da måtte dei avlyse grunna dårleg værprognosar. Med seg på denne fabelaktige utescena har Svein Håvard fått med seg Inge Bævre, Anders Larsen, Torbjørn Kvande og konferansier Johan Øiestad.
Les heile sakaKnut Reiersrud kom til Todalshytta fredag kveld, og vi fikk ein kjapp prat med han straks etter at han var komen innafor døra. Knut gler seg til konsert på Todalshytta laurdag kveld – artig å kome til ein slik fin plass for å halde konsert. Vi får nok høyre mykje flott musikk, og eg forstod at han mellom hadde planer om eit innslag med folketonar frå Nordmøre på lista si.
Les heile sakaHele 12 lokale lag fra Søya/Todalen/Kvass /Ulvungen og Surnadal IL er no midt i sine forberedelser til innkvartering i Oslo i morgen ettermiddag for å delta på Norway Cup. Under har vi laget ei oversikt over alle innleiande kampar, for samtlege lag. Vi håper også, med gode kontakter å kunne rapportere resultater og litt bilder fra alle lag utover i turneringa. Alle lag har tre innleiande kampar.
Les heile sakaMunan Elgsæther er først ute med å byggestart i Kammen hyttefelt. I dag vart plata til hyttebygget støpt til den 85 m2 store hytta. Munan fortel at han skal gjera grunnarbeidet sjølv, og det må være ferdig i midten av september når ferdighytta blir levert og montert, og han reknar med at det nok blir vinter før hytta er ferdig og kan takast i bruk.
Les heile sakaDenne helgen går søndagsturen til Rørdalen og Rørvatnet i Rindal. Værutsiktene er ikke de aller beste, men om det blir noen regndråper kan du nok kompensere med å ta med passende klær til det. beskrivelse av turen finner du ved å klikke deg videre….
Les heile sakaTorsdag var tømmebilen til MiljøService.no i aktivitet i ustadfeltet på Kvennset. Vi tok ein prat med dei to som betjente bilen, Jørgen Dragesæt og Fredrik Egge Eimstad, som begge er stryningar og som betjener den eine av i alt 25 spesialbilar som Stryn-firmaet MiljøService disponerer. Dei fortalte at dei no skal til Aukra eit par veker og så kjem dei att til Todalen for å fortsette tømmejobben her. Dei reknar med å bruke litt over ei veke på tømme alle septiktankane i Todalen.
Les heile sakaKorleis fann vikingane leia til sjøs? Dette har Einar Oterholm grubla over. Søndag deler han sin kunnskap om eldgamle navigasjonsmetodar med publikum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. – Ingen veit sikkert korleis vikingane navigerte, innrømmer han. – Men dei segla langt på sine farkostar, både til Shetland, England, Island og Grønland. Ja, heilt til Amerika!
Les heile sakaPå Hageland Slætta i Malmefjorden har dei kanskje landets lengste balkongkasse – 62 meter er iallfall langda på den og den er nærast ein liten attraksjon i seg sjølv. Den går i heile byggets lengde, og har innlagt automatisk vatningsanlegg som sørgjer for at vatn og gjødsel, fortel gartner Jostein Gridseth, som legg til at vatning av uteblomster nærast har vore unødvendig i sommar.
Les heile sakaDersom du lurte på kva som foregikk på bruene rundt bygda på torsdag, så kan vi avsløre at det var Statens Vegvesen som foretok tilstandskontroll på bruene på FV323. Ein sjekk på bruene blir gjort kvart 5. år, – der det blir vurdert om det er naudsynt med ekstra vedlikehald.
Les heile saka