Stangvik sokneråd minner om gudstenesta i Nordvik forsamlingshus søndag 15. desember kl. 11. Det er Torbjørn Brøske som forrettar gudstenesta, og ved orgelet finn vi nytilsett organist Bjørn Vevang. Skuleborn vert med i gudstenesta. Alle er velkomne til kyrkjekaffe etter gudstenesta.
Etter melding frå Idrettslaget om nyoppkjørte løyper vart det tur oppå Tjønnmyran for å prøve skiene og sjekke forholda. Det er berre å slå fast at skiføret midt på dagen tysdag er riktig godt, og at det er flotte dårer for klassisk stil og breie trasear for skeising! Her er det rom for alle.
Les heile saka
Todalen idrettslag melder at det no er retteleg fine forhold for å gå på ski oppå Tjønnmyrå! Det er godt med snø, og traseen vart oppkjørt no i morgontimane.
Les heile saka
Ingri Bruset med sauene på Gjeldnes vant november sitt månadens bilete. Årets nest siste bidrag til årets bilete. Trass i dårleg fotolys, korte dager og mangel på passande motiv, treng vi fortsatt bidrag til dagens bilete. Send inn til oss på red@todalen.no.
Les heile saka
Sjømannskirka i Arguineguin på Kanariøyene arrangerer kvart å adventsgudsteneste i friluft på Norskeplassen, som ligg i fjella mellom turistbyane Porto Rico og Arguineguin. I fjor var det Torbjørn Brøske som var sjømannsprest ved kyrkja der, men i år var det Eyvind Skeie som var prest. Like tru mot tradisjonane var todalingane Jenny og Edmund Talseth og Randi og Vidar Sogge.
Les heile saka
Når Bernt Bøe og P17-koret inviterer til julekonsert da veit du at julestemninga er på gang, og at jula egentlig nærmar seg med stormskritt. Søndag kveld var julekonserten i Todalen kyrkje, og i tillegg til P17-koret var konserten forsterka med Nina Ryan Braaten som gjestesolist og med koret Pønsj frå Kristiansund – og sjølvsagt kasta veteranen Tor Strand frå Tingvoll glans over arrangementet med orgel og piano.
Les heile saka
Prest, konfirmanter og organist tok dei frammøtte igjennom ei hyggelig lysmesse i Todalen kyrkje i dag. Det var seniorprest Cathrine Grutle fra Tingvoll som leia messa, med god hjelp fra dyktige konfirmanter som sto for all tekstlesing og lystenning undervegs.
Les heile saka
I morgon kl 11 er det lysmesse i Todalen kyrkje med utdeling av biblar til alle 5. klassingane. I tillegg er det dåp.
Les heile saka
I dag starta det fysiske arbeidet med å montere Todalspålen som skal bli Noregs høgste juletre på ein holme. I dag tidleg var det samling til svart kaffe og konfekt, og briefing for arbeidet med montering av sjølve Todalspålen. Det er Sollid Mek. som har laga fundament og påle, og ei stor stjerne som skal stå i toppen av pålen. Etter ein rask gjennomgang av prosjektet så starta arbeidet.
Les heile saka
Plana for dagens luftetur var Litjrundt, men etter tips frå ein halling, vart det i staden rundtur om Hengebrua. Frå Brusetbrua og innover langs Storelva ligg det no store isblokker langs elvbreidda etter isforra som gjekk tidlegare i veka; natt til onsdag?
Les heile saka
Fredag var det markering på Surnadal Ungdomsskule i samband med MOT-prisen som Surnadal kommune mottok tidlegare i haust. I samband med prisutdelinga hadde kommunen besøk av Regine Oen Hatten (leder MOT kjerneaktivitet) frå MOT Noreg, og Gunn Anita Gjøvik (regionleder Møre og Romsdal / Nordfjord ). På programmet for dei to stod intervju med sentrale aktørar i MOT Surnadal, mellom anna kommunaldirektør Knut Haugen og filming med tanke på vidare arbeid og motivering.
Les heile saka
Det blir fotpleie i Todalen sanitetshus før jul. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem onsdag 18. desember. Ho har ledige timar. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så snart som råd, det gjer arbeidet med timeoppsett og planlegging enklare.
Les heile saka