Fjord1 meldte kl 20.32 at rute 46 – Kvanne -Rykkjem var midlertidig innstilt på grunn av sterk vind. – Ei lita stund etterpå kom melding om normal drift igjen.

Fjord1 meldte kl 20.32 at rute 46 – Kvanne -Rykkjem var midlertidig innstilt på grunn av sterk vind. – Ei lita stund etterpå kom melding om normal drift igjen.
Vi du ha eit signert eksemplar av Søyådalsboka, så har du no sjangsen. Dei tre forfattarane av Søyådalsboka Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes sel og signerer bøker utafor Rema 1000 i Amfi Surnadal laurdag 5/12 kl. 10 – 13.30, og neste laurdag 12/12 på Coop Extra i Surnadal i same tidsrom.
Les heile sakaDet var stor oppslutning både frå utstillarar og publikum da det vart arrangert juletorg med julegrantenning på Skei søndag ettermiddag. Tove Merete Schei i Kreativt Forum ønska seg litt snødryss til julegrantenninga – det fikk ho ikkje. Det var det einaste som ikkje klaffa!
Les heile sakaSurnadal Røde Kors Omsorg inviterer til ettermiddagskaffe med julelunsj torsdag 17. desember kl 14.00. Det blir som vanlig god stemning med basar og servering på Røde Kors-huset på Bøvra.
Les heile sakaPå årsmøtet til Surnadal Senterparti som vart heldt i Sagatun Grendahus den 25. november 2015 vart det blandt anna valgt nytt styre for partiet. Nils Håvar Øyås overlet no både klubba og sjefsveska til den nye leiaren Oddvar Mikkelsen. Det nye styret ser frem til å støtte sine gode representantar i Surnadal kommunestyre, og ellers utvikle Surnadal Senterparti i ei positiv retning.
Les heile sakaNils Ove Bruset vart laurdag kveld heidra av sambygdingane, da han i samband med den tradisjonelle hjortfesta vart tildelt heidersprisen ”Den Gyldne Patron”.Nils Ove var heilt uvitande og totalt overraska da han vart kalla opp på scena for å ta i mot ”den Gyldne Patron”. Heidersprisen blir delt ut på hjortfesta kvart år, og går til ein eller flere personar som har utmerka seg gjennom positivt arbeid for bygdesamfunnet på ein eller anna måte, sa Lars Stensby som var festleiar og delte ut prisen.
Les heile sakaNordvik Grendalag arrangerer i kveld til basar i forsamlingshuset. Her blir det tradisjonelt basardbord, kaffeservering, åresalg og pilkast.
Les heile sakaI morgen arrangeres årets Juletorg på Skei. Dette er koordinert av Kreativt Forum i Surnadal og mange utstillarar er påmeldte. Både av lokal karakter, og ein del utanfrå. Her blir det rå å gjera allsidige førjulskjøp. Både til eige bruk, og ikkje minst til julegavar.
Les heile sakaLefse til jul hører med, og Kari Kvendset og Åse V. Redalen hadde laurdag bakardag på Sandstadkjøkkenet. – Med åtvaring om mjøl på golvet tok vi ein liten visitt, for å sjå på denne tradisjonsrike aktivteten som høyrer juleførebuingane til. Og her vart det kaffelag med smaking og samanlikning av både fjorårets og årets produksjon, og på sunnmørsvarianten som vart servert med søst….
Les heile sakaDesverre viser det seg no at tidlegare omtala nyutgjeva bygdebok for Todalen ikkje blir ferdig innan utgangen av 2015. Men damene i bygdebokprosjektet ved Surnadal kommune håper likevel at boka vil være ein egna julegave i år. Derfor har dei laga gavekort til boka, der den som får gavekort kan hente ut boka der gavekortet er kjøpt.
Les heile sakaI kveld har det vore hardtørn med produksjon av hjortkjøttkaker til Hjortfesta laurdag kveld, så mykje av matstellet er gjort unna. Fleire hundre kjøttkaker er stekt og kokkane ga klart uttrykk for at det var slett ikkje noko blandingsprodukt. Ekte vare – med råvarer frå Husby- og Hallabergå kjem på festbordet laurdag kunne dei berette. Foruten middag er det mellom anna utdelinga av «Den gyldne patron» som står på programmet. Kven får denne hedersprisen i år?
Les heile sakaFotballgruppa i Todalen idrettslag «flesker til» med tradisjonell julerevy i ungdomshuset 3. juledag, og med to forestillingar – den første på ettermiddagen, og hovudforestillinga på kveldstid, fortel leiar i fotballgruppa Knut Bergli. Han fortel vidare at skrivegruppa er komne godt i gang med arbeidet og han lover at dei kan by på ein god revy når han drar frå sceneteppet 3. juledag (27. desember).
Les heile saka