Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny premie og profileringsartikkel

Elinor Bolme Laurdag 5. desember 2015

Todalen.no er godt i gang med forberedelsane av 2016. I den anledning har vi sett produksjon av nye premiar av månadens bilete 2016 og 2017. Tidlegare premiar har vore eigne koppar og i år termosar. Frå januar 2016 blir det solide handdukar, nok ein egna ting som ein er avhengig av, -kvar einaste dag.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for november

Ole Petter Talgø Laurdag 5. desember 2015

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for november. Sjølv julestria kanskje har satt inn for fullt, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Kanskje har du allerede no nokre bilete med julestemning som vi kan ha klare til romjula? Vi takkar for alle bilete vi har fått inn gjennom månaden.

Les heile saka

Utradisjonell, – men utruleg stemningsfull julekonsert!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 5. desember 2015

ELG MED BAND inviterte fredag til «en annerledes» julekonsert i Stangvik kyrkje, og det vart ein heilt spesiell, variert og fin konsertkveld! Publikum fekk presentert tradisjonelle julesongar, kjende songar frå Disney-jul og sjølvkomponerte låtar av Elg. Konserten opna med Elgenes sin song «Jul hos alle no»,  ein stemningsfull julesong til ettertanke. Deretter vart det tradisjonelle […]

Les heile saka

Stangvik kyrkje – tett tak og god lyd!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. desember 2015

Onsdag kunne fire fornøgde karar vise fram nyinvesteringar i Stangvik kyrkje, – i løpet av seinsommaren og hausten har kyrkja fått tett tak  og nytt lydanlegg. Kyrkjetaket har vore utett i over tjue år, og lause taksteinar har ført til at både enkelte inngangar og  område rundt kyrkja har vore avsperra dei siste åra. No […]

Les heile saka

Stangvik kyrkje – ELG med «jul hos aille no» fredag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. desember 2015

Allereie fredag kveld kan du være med å nyte «godlyden» i det nye lydanlegget i Stangvik kyrkje. – Da kjem nemleg Elg med sitt ELGband til Stangvik med sin konsert «jul hos alle no», og er du på plass kl 19.00 så får du med deg alt. To «reservetodalingar» kan du også stifte bekjentskap med under konserten denne kvelden…

Les heile saka

Potensiell nedetid i dag

Ole Petter Talgø Torsdag 3. desember 2015

Vår server-leverandør Uniweb varsler at det i dag foregår oppgradering av maskinvare. Om dere opplever ustabil tilgang i dag, er dette årsaken.

Forhåpentligvis er det i orden i løpet av ettermiddagen.


Åpen dag på STV

Elinor Bolme Torsdag 3. desember 2015

Surnadal Velværesenter ønsker alle intersserte til åpen dag ved treningssenteret søndag 6. desember. Ut i fra vedlagte plakat blir det en allsidig og innholdsrik dag for både små og store.

Les heile saka

Julegrantenning ved Matkroken

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2015

Søndag 6. desember kl 18.00 er det klart for julegrantenning ved butikken til Matkroken på Kvennset. Da får vi besøk av nissen, som har med pakkar til borna.  Det blir servert gløgg, kaffe og pepparkaker i tillegg blir det julesongar og gang rundt juletreet. P7T-utvalet ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Les heile saka

Laurdag tennes julegrana i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2015

Laurdag 5. desember er det klart for tenning av julegrana i Brusetmarka. Det skjer i Trudvangkrysset kl 18:00 og Brusetmarka Vel, som er arrangør, vil  sørge for gløgg og pepperkaker.  Alle er velkomne!

Les heile saka

Hageland – søndagsope fram til jul

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2015

På Hageland har julestria kome for fullt. Alle juleutstillingane er på plass, og denne veka gjorde juleblomstrane sitt inntog i butikken – og vart liksom prikken over i’en for å få julestemninga på komplett. Frå komande helg og fram til jul er Hageland også ope på søndagar i tidsrommet 12-17….

Les heile saka

52-17 Søndagsturen til Betna

Elinor Bolme Onsdag 2. desember 2015

52-17 Søndagsturen 6. des. går fra Øyan Stadion i Betna og opp til snuplassen i Trøvollvegen og tilbake til stadion igjen. Fra Øyan Stadion i Betna går så turen eit stykke innover lysløypa. Derfra går ein over på Trøvollvegen og opp til snuplassen og returnerer derfra til Øyan Stadion. Dette er en relativ kort og barnevennlig tur.

Les heile saka

I år blir det juletrefest igjen – i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

6. juledag blir det juletrefest i Ungdomshuset. Da er juletreet på plass, og det blir både julesongar og gang rundt juletreet både for store og små, melder Knut Bergli i Todalen idrettslag. Han fortel vidare at det blir servering av saft, kaffe og julekaker – og kanskje kjem også nissen og har med seg nokre gåveposer til dei minste?
Todalen idrettslag ønskjer alle velkomne til juletrefesta i Ungdomshuset – vi kjem med meir info seinare om tidspunkt etc.