Julaftan var det mange som starta den tradisjonelle julefeiringa med gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var Einy Rendal Elgsæther som var liturg under gudstenesta og vi fikk ta del både i juleevangeliet og i dagens preken som hadde det evige evangeliet som dagens tema.
Les heile saka
2. juledag (torsdag 26. desember) inviterer Pakkhuset Kro på Todalsøra til open pub frå kl. 21.00 og utover. Det blir konkurranse med juleQuiz med premiering. Da kan du treffe «innfødte» og utflytta todalingar til ein triveleg pubkveld. Alle er velkomne til ein triveleg pubkveld på Todalsøra!
Fjord1 melder at det må påregnes forsinkelser i sambandet på grunn av lokalt sterkt nedsatte siktforhold.
Presis kl. 18.00 vart lyset tent på Todalspålen på Holmen. Dermed vart det lys i alle kuler og lenkjer som var selt til sponsorar og privatpersonar på Todalspålen. Lystenninga vart skikkeleg markert med fyrverkeri frå Holmen, og no skal pålen markere jula og nyåret – til saman 30 dagar før lyset blir slått av i slutten av januar.
Les heile saka
Trimgruppa minner om det i år og blir arrangert romjulsmarsj rundt bygda. Servering av gløgg på Sandstadkrysset og Brusetkrysset som vanleg. Alle vil få medalje for innsatsen. I år vil det òg bli ein liten mulighet for å vinna premie på runden. Marsjen vil føregå i tidsrommet 12-15.
Les heile saka
I natt kl. 04.19 snudde sola, og dermed går det definitivt med lysere tider. Her heime er det i dag 5 veker sia sola sa takk for seg og dermed 5 veker til ho kikar fram igjen – nærare bestemt den 27. januar i 2020. Det er jammen godt å vite at årets kortaste dag er unnagjort, og at det no berre kan gå framover. Frå Wikipedia har vi saksa litt informasjon om vintersolkverv eller vintersolsnu, så klikkar du på les meir så får du litt meir info.
Les heile saka
På Matkroken vil det sjølvsagt være litt avvikande opningstider i samband med julefeiringa. Butikken er heilt stengt 2 dager – 1. juledag og 1. nyttårsdag, men drivstoffpumpa til HalsOil er open heile jula og 24/7 for sal av drivstoff og betaling med kort. Elles er det varierande opningstider gjennom jule- og nyttårshelga – 3 av dagane er det kioskope frå 16:00 – 18:00. Nedafor har vi laga ein plakat med alle opningstider frå og med lille julaftan, til og med 2. nyttårsdag.
Les heile saka
Søndag kveld kl. 18 er tida for å tenne lysa på Todalspålen (eller minipålen som enkelte kallar han) Det beste utkikspunktet er kanskje moloen i Båthamna, trur arrangøren.
Les heile saka
I morgontimane i dag var det blankis med underkjølt regn etter fylkesvegen. Rundt 15 bilar var involvert i stoppen som skjedde i Åsbøhaugane, der vegbanen var spegelblank. Lokale krefter – les Ola Magne Nordvik og Oddvar Mikkelsen – redda situasjonen da dei kom til unnsetning med traktorar og strøsand. Etter kvart kom også strøbil frå Mesta, men det skjedde først mellom kl 9 og 10.
Les heile saka
Revygjengen i Todalen I.L. er godt i gang med øvingane på scenekanten i Ungdomshuset. Arbeidet med skriving av tekstar er gjort unna, og no pågår øvinga for fullt, og torsdag kveld var det 3. øvingskveld så langt. Det var god stemning i leiren, og det såg ikkje ut til at revygjengen var under tidspress for å kome i mål. – Vi har klart å få til mykje godt og aktuelt stoff, og er eigentleg ferdige med skrivearbeidet, men ting kan skje enno så vi er førebudd på oppgraderingar, seier Astrid Longva Kvendset som er revysjef.
Les heile saka
Svorka har i flere år gitt en pengegave til et allmennyttig formål i stedet for julegaver til leverandører og samarbeidspartnere. I 2019 har vi valgt å gi vår gave på kr 10.000.- til Surnadal Frivilligsentral i arbeid med oppstartsfasen etter den offisielle stiftelsen 1.mai i år.
Les heile saka
Kristiansund og Nordmøre Turistforening har sendt oss ei lita julehelsing med mange fine turtips i julehøgtida.
Les heile saka