Svorka melder at nettet (internett via fiber) vil vere nede i fleire korte periodar i tidsrommet 00:00 – 01:00 fredag 16.oktober. TV-signala skal derimot fungere som normalt heiter det i ei melding frå Svorka.
Les heile saka
Svorka melder at nettet (internett via fiber) vil vere nede i fleire korte periodar i tidsrommet 00:00 – 01:00 fredag 16.oktober. TV-signala skal derimot fungere som normalt heiter det i ei melding frå Svorka.
Les heile sakaStart 4H er i planleggingsfasen av årets haustfesta. Koronasituasjonen og dei gjeldande smitteverntiltaka gjer at det ikkje er mogleg å gjennomføre haustfest på tradisjonell måte, så det blir i år ei alternativ haustfest der ein legg opp til eit utearrangement, men at det vil bli høve til å få sjå utstillingane innandørs i Skulstuå.
Les heile sakaTysdag kveld drog Søya/Todalen sitt G12 lag til Eidsvåg for å spele sesongens nest siste kamp. Kampen var mot Eidsvåg G12 og vart spela på Eidsvåg kunstgress.
Les heile sakaPå medlemsmøtet til Surnadal pensjonistlag var kommunelege Bjørn Buan invitert for å halde foredrag om koronaviruset. Buan har kalla foredraget sitt for «Kor fri kan vi føle oss med aktivitetar i lokalmiljøet med tanke på korona og smittefare? Han tok for seg korleis koronaviruset smittar og forklarte korleis ein kan styre unna eller redusere smittefaren. Han forklarte også kvifor det blir sett i verk forskjellige tiltak, som foreksempel karantene for å begrense smittespreiinga
Les heile sakaFredag 2. oktober braut det ut ein dramatisk brann på garden Talgø i Todalen. Brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal rykte ut til brannen, og i tillegg stilte naboar og bygdefolk opp for å hjelpe til med sløkkinga. Det vart ei lang og hard arbeidsøkt, og folk vart både svoltne og tørste. Da vart omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening mobilisert. Og berre ein og ein halv time etter varsling stilte fire sanitetskvinner med oppsmurt mat og kaffi på gardstunet.
Les heile sakaKomande laurdag er det tid for å markere den lokale handledagen ved Matkroken Todalen. Dette er eit samarbeid mellom dei lokale nærbutikkane i Noreg og Merkurprosjektet som er myndigheitenes samarbeidsorgan som all støtte til nærbutikkane blir kanalisert gjennom. Her i kommunen er det 3 butikkar som er med på Merkurprogrammet og som arrangerer lokal handledag komande laurdag.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSøndag var det gudsteneste med hausttakkefest i Todalen kyrkje. Neste års konfirmantar var med og delte ut salmebøker og las herrens bøn. 50-årsjubilantane var invitert og Start 4H stod for pyntinga i kyrkja denne søndagen. Dagens tekst hadde liturg Kristin Strand henga frå Lukasevangeliet kapittel 12. Start 4H var ansvarleg for pyntinga av kyrkja til […]
Les heile sakaTysdag 13. oktober kl 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte på Thon Hotell Surnadal. Dagens tema er koronasituasjon, og dagens foredragshaldar er kommunelege Bjørn Carsten Buan. Han har kalla foredraget sitt for: «Hvor fri kan vi føle oss med aktivitetar i lokalmiljøet med tanke på korona og smittefare?» – Dette er eit høgst aktuellt tema i dag, så vi håpar at mange blir med oss – alle er like velkomne om du er medlem eller ikkje, skriv pensjonistlaget i ein e-post til Todalen.no.
Laurdag kveld var det fest for å feire dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1970. Festa var i Todalen ungdomshus og 7 av dei 10 som vart konfirmert, av dåverande sokneprest Karl Kristian Jacobsen våren 1970, hadde teke turen for å vere med på jubileumsfeiringa. Sjølv om dei gjeldande smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen inneber strenge restriksjonar, greidde Todalen sokneråd å lage ei fin og triveleg jubileumsfest for 50-årskonfirmantane og dei andre frammøtte òg i år.
Les heile sakaFor omtrent tretti år sia så planta Johan Kvendset ein vinranke attmed husnova heime i Trøa. Johan har alltid vore interessert i hagebruk, og dette var nok eit forsøk som han nok tvila på at det vart noko resultat av. Men no i haust så kom dei første mogne vindruene – etter rundt tretti års venting.
Les heile sakaLeif Arne Ness (51) frå Bjørnrud i Todalen har gjort lidenskapen sin til levebrød. Han har heile livet vore lidenskapeleg interessert i fotball, og dei siste 5 åra er lidenskapen òg levebrødet hans. Leif Arne er nemleg heiltidstilsett materialforvaltar/lagleiar i Eliteserieklubben Sandefjord Fotball. Spelarkarriæra til Leif Arne var over i 2006, no er det dei to sønene Ulrich 24 år (Eidsvoll Turn 2.divisjon) og Fabian 21 år (Grorud i OBOS-ligaen) som er aktive spelarar. Sjølv om Leif Arne ikkje har budd i Todalen på 25 år, så er han todaling «på sin hals», og tek turen «heim» til Nygården så ofte han kan. Han er og heilt klar på at han skal flytte «heim att» når yrkeskarriera er over.
Les heile saka