Førstkommande fredag 29. april legges sesongens fiskekort i Toåa ut for sal. Dei blir tilgjengelig på fredag frå kl. 12.00, fortel Tove Talgø Brøndbo i Todalen Elvaeigarlag.
Les heile saka
Førstkommande fredag 29. april legges sesongens fiskekort i Toåa ut for sal. Dei blir tilgjengelig på fredag frå kl. 12.00, fortel Tove Talgø Brøndbo i Todalen Elvaeigarlag.
Les heile sakaDei siste 11 åra har Surnadalsrussen fått med seg gode råd på vegen når russefeiringa startar. Onsdag inviterte Sparebank1 Nordmøre til «russetreff» i banken, og med seg på det hadde dei Surnadal Sanitetsforening, Todalen sanitetsforening, Skulehelstenesta, Ambulansetenesta, Politiet og ordføraren. Alle saman hadde gode råd for russefeiringa, kvar på sin måte.
Les heile sakaSøndag 1 mai har Todalshytta komponert ein spesiell meny, og markerer at nye bord er på plass – både i den store og lille peisestua, fortel Arve Evensen. For å utnytte plassen betre i peisestuene så er borda skifta ut med nye bord, som er på plass i disse dager. Søndag vil kjøkkenet markere med ein spesialmeny for denne dagen.
Les heile sakaHeldigvis var det berre ei stor redningsøving som i går kveld samla redningsetatane til felles innsats i Svinviktunnelen. Klokka 18.44 vart det ringt inn melding om ulykke med 2 bilar involverte inne i tunellen. Straks begynte det å skje ting, og da kom først ambulanse, brann/redningsmannskap og politi til staden i tur og orden
Les heile sakaTysdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen Sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår.
Les heile sakaOnsdag 4. mai klokka 18:30 – 20:00, inviterer Surnadal kommune alle til orienteringsmøte om Helseplattformen i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Bakgrunnen for informasjonsmøtet er at Surnadal kommunestyre den 16. juni skal ta stilling til om Surnadal kommune skal delta i forprosjektet eller ikkje. Så lurer du på kva Helseplattformen er og kva felles pasientjournal for helsetenesta i Midt-Norge vil bety for deg? Da kan du ta turen til Surnadal kulturhus onsdag den 4. mai!
Les heile sakaBiblioteket inviterer til nok eit boktreff – og med eit tema som verkeleg engasjerer! Da villaksen vart temma og sett ut i merdene, begynte det å skje store ting. Mange i distrikta fekk arbeid, og nokre vart til og med ustyrteleg rike. Reine eventyret, meinte Staten, og peisa på med enno fleire konsesjonar.
Les heile sakaI morgon presenterer Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag krava sine til årets jordbruksoppgjer, og på torsdag kjem regjeringa med sitt tilbodod i oppgjeret. I samband med dette, var Stortingsrepresentant Jenny Klinge, saman med leiar i Surnadal Senterparti, Silje Beate G. Holten, i går ettermiddag på besøk hos bonde Jan Henrik Moen, som driv garden Utigard på Sande i Øvre Surnadal.
Les heile sakaI år er vi attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen den 17. mai, fortel Borghild Talgø i 17.- maikomiteen. Det vil seier at vi er attende til 2019-programmet og vil i år kjøre «full pakke» gjennom heile dagen. Starten på feiringa blir sjølvsagt biltog – eller «skrommeltog» som vi sa i gamle dagar, og fortsetter med frokostservering i idrettslagets regi
Les heile sakaEtter ein lang godversperiode med sol frå klår vårhimmel kom siste måndagen i april med grått og surt ver, men opphalde og stilt, alstå godt turver.
Les heile sakaKvar tysdag er det balldag på Todalshytta! Her bys det på både potetball med tilbehør og sildball med stekt bacon, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Det serveres ball frå kl 15:00 og utover til kl 18:00. Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 929 97 550.
Torsdag 28. april klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag til ein ny sesong med stavgang. Det er oppmøte i Brøskehagen i Stangvik klokka 11:00, og det er mogleg å parkere ved fabrikken. Etter stavgangturen blir det kaffe på Svissholmen.
Les heile saka