Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. oktober 2023

Todalen sanitetsforening melder at laurdag 14.oktober er det Fredrikkekaffe i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!

Les heile saka


Kjem du på kaffelag? – gratis kaffe og blautkake i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Fredag 13. oktober 2023

Komande laurdag 14. oktober slår vi på stortromma og serverer gratis kaffe og blautkake i tidsrommet 10:00 – 15:00.  Det skjer i samband med at vi markerer «Handle lokalt-dagen».  Dagen blir markert over heile landet i alle såkalla «Merkur-butikkar» som deltek i Merkurprogrammet.

Les heile saka

Tøffe tak med sauesanking i snøen

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. oktober 2023

Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år  – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem.  Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno –  knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne.  Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom. 

Les heile saka



Inviterer til Kaffeslabberas i Skulstuå søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. oktober 2023

Søndag 15..oktober frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Venner av Skulstuå i Todalen igjen til kaffeslabberas i Skulstuå. Det blir sal av kaffi og gode kaker. Leikekrok for dei minste og kortspelrom for ungdommane. 

Les heile saka

Ensemble Dali med konsert i Stangvik kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. oktober 2023

Kammerkoret Ensemble Dalí inviterer søndag 15. oktober klokka 16:00 til Rakhmaninovs storslåtte Vesper i Stangvik kyrkje. Verket hadde urpremiere i 1915 og Dalí framførte verket i 2016, da i samband med koret sitt 10-årsjubileum. Dei gler seg til å bringe Vesper til liv att.

Les heile saka


Svorka med varmepumpe-kampanje ut oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. oktober 2023

Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga. 

Les heile saka