Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konvoi på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. desember 2023

Dei «Bukkene Bruse i badeland» okkuperte det meste av kinoframsyningane til Surnadal kino i romjula, men no får alle sjansen til å sjå den særs kritikarroste norske krigsfilmen «Konvoi» Filmen tek for seg eit katastrofalt militært feilgrep frå 2. verdskrigen, der ein konvoi av transportskip på veg frå Island til Murmansk får ordre om å splitte seg opp og gå på eigen hand vidare.

I filmen følgjer vi eit norsk skip der ein anar visse gnissingar mannskapet i mellom, naturleg nok etter lang tid med psykiske påkjenningar og tap av kjente. Lettare blir det ikkje når konvoien og skipet blir utsett for angrep både frå luft og vatn.

Konvoi. Foto: Fantefilm/Nordisk Film Distribusjon

«Konvoi», som har 12 års aldersgrense, har som nemnt, fått strålande omtale i pressa og snittet legg seg vel på ein sterk 5-ar på terningen. Anders Baasmo (som han no kallar seg) og Tobias Santelmann har hovudrollene. Begge er kjent frå t.d. fjernsynsserien EXIT, men er nok meir prega her, sveitte, utslitne og med hentesveis.

«Konvoi» blir vist både på dagtid og kveldstid den første veka på nyåret.

Det var 400 – 500 som fekk med seg «Bukkene Bruse i badeland» i romjula. Fleire har no sjansen til å få med seg dette absurde eventyret. Også «Aquaman and the Lost Kingdom» får ein siste sjanse før den blir avløyst av andre filmar.

Kinoprogrammet på Surnadal kino

Publisert: 30. desember 2023, 17:18