Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tankevekkande og stemningsfull Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. desember 2023

På ettermiddagen i dag inviterte Todalen Sokneråd i tradisjonen tru til nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ei lita sak om gudstenesta, som du kan lese nedanfor:


Torbjørn Brøske heldt ei tankevekkande Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje nyttårsaften. Temaet var fred, fred i verden, med slekt, venner og ikkje minst med seg sjøl.

Utgangspunktet for preika var Johannes 14-17. Johannes talar om tre år, medan dei andre evangelistane forheld seg til eitt. Fred er sentralt i Jesus sitt liv. Til og med på korset sa han « Fred være med dykk». Det kan vera eit godt nyttårsforsett å prøve å halde fred. Det kan virke litt vanskeleg å forhalde seg til når ein ser nyhetssendingar på fjernsyn og i aviser. Men å starte med seg sjøl, med venner, slekt og naboar er uansett ein fin start. Så kan det være det sprer seg utover som ringar i vatnet når ein kaster ein stein uti.

Som vanleg var det godt oppmøte ( i underkant av 40) og flott song i kyrkja. Organist var uslitelege Bernt Bøe.


Vi takkar Kjell Gunnar for bidraget!

 

Publisert: 31. desember 2023, 18:31