Ferien går mot slutten og mange skal snart tilbake til jobb, barnehage og skule. Fleire har feriert i utlandet, kor smittetrykket er langt høgare enn i Norge. Dette gjeld og «grøne land».
– Sommaren har gått betre enn forventa, men med aukande lokale smitteutbrot i fleire kommunar ser vi behovet for å forsterke eksisterande smitteverntiltak. Vi må gjere det vi kan for å unngå eit lokalt smitteutbrot i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Han er ekstra bekymra for at ei eventuell smitte skal nå sjukeheimen.
Les heile saka
Tysdag førstkomande blir det balldag på Todalshytta igjen, fortel Stian Evensen som er sjefskokk og degleg leiar. Stian har fått grundig opplæring i ballkokarfaget av Åse Øyen, og komande tysdag skal han i ilden, nærast som ein fagprøve. Serveringa startar kl 14, og vil du være med så gjeld det å melde seg på.
Les heile saka
Onsdag 5.august kl. 18:00 blir det ryddedugnad rundt ungdomshuset. Drift- og anleggsgruppa oppfordrer folk til å komme på dugnad og pynte opp rundt ungdomshuset. Ta med ryddesag, grastrimmar eller anna høveleg reiskap l Sommarfest!
Les heile saka
Laurdag 8.august kl. 20:00 inviterer Todalen I.L. alle over 15 år til Sommarfest i ungdomshuset. Arrangøren håper på godt vêr og god stemning.
Les heile saka
På Toåa tursti, ved Oddøyøran, trefte vi tre kvennsetgardingar som var ute i eit spesielt ærend. Dei var ute for å ta lauv, som dei skulle bruke til saumat i vinter. No er det rette tida for å ta ut kvistar med mykje lauv på, for å tørke dei til vinterfor. Dei var ute etter selje og rognkvistar som egna seg best.
Les heile saka
For å kompensere litt for inntektstapet for årets Todalsdag arrangerer Økonomi- og markedsgruppa i Todalen I.L. Sommar-lotteri. Lotteriet startar med førehandssal laurdag 1.august på Matkroken Todalen. Lotteriet har trekning måndag 31.august kl. 17:00 og vil bli kunngjort her på todalen.no, samt at vinnarane personleg kontakta.
Les heile saka
Vi trefte familien Halle-Jonassen utafor butikken på Matkroken i Todalen. Etter tre vekers ferieopphald på Todalsøra var familien på veg heimover til Skjetten med fullasta bil og tilhengar. No hadde dei vore inne på Matkroken og sagt takk for seg, og var klare til å sette kursen til Kvanne for å få ein ferjetur som dei minste hadde som delmål.
Les heile saka
Sommaren i år vart kanskje annleis for fleire, men det gode med situasjonen er at vi fikk anledning til å utforske eige land og meir kortreiste opplevingar.
Det har også undertegnede gjort, og ein fin julidag gjekk turen til Godøya og Alnes Fyr på Sunnnmøre. Med fastlandsforbindelse og vakker natur kun 20 minutt utanfor Ålesund var det perfekt for ein dagstur frå Todalen.
Les heile saka
Denne gongen er det Randi Sogge (fødd Halset frå Furuhaugen) sin handarbeidspose vi skal presentere. Randi laga handarbeidsposen sin i 4.årstrinn (første året i storskulen) i 1953. Læraren i handarbeid ved Todalen skule på den tida var Aslaug Ramsli. Randi kan og fortelje at ho seinare hadde Brit Ørsal (fødd Ansnes) i handarbeid, og då føregjekk undervisninga heime hjå Brit i Utigarden på Ørsal
Les heile saka
Turistnæringa som på det næraste var nede for teljing i vår, har skote fart i sommar. På Todalshytta er det ikkje noko unntak, og i helga var det kø nedover bakkane med folk som kom for å få servering. Mange måtte faktisk snu med uforretta sak, seier Stian og Arve Evensen – far og son, som i år driv Todalshytta. Ola Nordmqann ferierer i eige heimland, ingen tvil om d
Les heile saka
Nordmøre brigadeveteranforening og Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer forsvarshistorisk sommertur til Aure og inviterer sine medlemmer til å bli med på tur til Meland fort den 10. august.
Les heile saka
I helga går Stangvikfestivalen av stabelen. Det var lenge tvil om det i det heile var nokon festival i år, men no er det for lengst kome ut program, og billettsalet har gått for fullt sia 6. juli. Årets festival blir nok ein «minifestival» samanlikna med tidlegare festivalar. Men «koronakrisa» med sine smittevernsreglar gjer at […]
Les heile saka