I ei pressemelding frå Surnadal kommune, blir det opplyst at det er innført restriksjonar på bruk av drikkevatnet frå det kommunale vassverket på Nordvik, Sollia vannverk. Grunnen til dette er lite tilsig av grunnvatn.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune, blir det opplyst at det er innført restriksjonar på bruk av drikkevatnet frå det kommunale vassverket på Nordvik, Sollia vannverk. Grunnen til dette er lite tilsig av grunnvatn.
Les heile sakaI går var stavgangarane i Surnadal pensjonistlag på sin første tur etter ferien, og denne gongen gjekk turen til Ranessetra. Det vart ein skikkeleg fin tur i høveleg turvêr. Vel framme på Ranessetra varta vertskapet opp med kaffe frå svartkjel og eplekake.
Les heile sakaPå Todalshytta har det vore full trøkk og ny giv i sommar. Arve Evensen som er vertskap på hytta, fortel at det har vore i minste laget med vassføring i elva med tanke på laksefisket, men laksefiskarane har likevel kome til Todalen og Todalshytta for å feriere og for å kose seg i elva og på hytta. Den siste tida har det også vore mange spisegjestar og «vanlege» turistar både som har budd på hytta og som har teke turen hit for å prøve «Kammerpike Ediths» meny.
Les heile sakaMellom klokka 17:55 og 18:15 i går, forsvann det ein Husqvarna 430 robotplenklippar frå den nedre parkeringsplassen (der infotavlene og brødhuset til Matkroken Todalen står) ved Haugen vegkryss. Politiet ber difor om tips frå folk som har passert staden i det aktuelle tidsrommet, og som kan ha sett noko.
Les heile sakaTysdag 10.august startar Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag oppatt med fjellturar. Den første turen etter ferien går til Torviksetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Torvik.
Les heile sakaTaekwondoleiren på NoFo i Surnadal er småskala når vi samanliknar med tidlegare år. Men det er ei stor skritt framover for oss, for i fjor sommar var heile arrangementet avlyst. I år er det rundt hundre som deltek – faktisk berre ein tidel av vanleg aktivitet i løpet av sommaren, men gleda over å være i gang igjen er større enn nokon gong, seier leirsjef Kjell Gunnar Polden til Todalen.no
Les heile sakaTorsdag kl. 17 opnar utstillinga i Kallastua, og da får vi sjå resultatet av restaureringsarbeidet som har vore gjort no i sommar. Som mange hugsar var det eit rom på hotellet som dei kalla Kallarommet. Her måla Kalla Skrøvseth i si til maleri rett på veggane. Da den delen av hotellet vare revet for nokre år sia vart denne kunsten teke vare på, og altså no restaurert.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, blir vi informert om at Todalen barnehage blir stengt frå 1.august 2021, altså for tre dagar sidan. Ungane ved barnehagen vil få tilbod om plass ved andre barnehagar i kommunen. Barnehagen er stengt, men ikkje lagt ned. Dette inneber at dersom det blir nok ungar seinare, så vil barnehagen bli opna att. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:
Les heile sakaTodalen Elveeigarlag (TEL) melder at den planlagte Ungdomsfiskedagen lørdag 7. august er avlyst. TEL beklager dette, men laget vil satser på å arrangere ny Ungdomsfiskedag i 2022. TEL minner om at ungdom under 16 år kan fiske gratis sammen med en voksen med fiskekort (stangdeling) eller bestille fiskekort gratis ved å kontakte Tove på tlf […]
Les heile sakaSøndag 8. august arrangerer Todalen sokneråd friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Gudstenesta startar kl 11.00 og det er Vidar Rygh som er liturg, og organist er Ronny Kjøsen. Dersom det blir dårleg vêr blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje. Det blir i så fall kunngjørt på Todalen.no.
Les heile sakaIdrettslaget Søya er glad for igjen å kunne invitere til SøyaCupen. I fjor måtte SøyaCupen, som alle andre cupar rundt om, avslysast på grunn av koronasituasjonen. Årets cup blir arrangert på Søyabanen søndag 29.august frå omlag 9:30. – Vi gleder oss og ser frem til å sammen med deg og ditt lag å skape nye fotballminner, heiter det i invitasjonen til SøyaCupen 2021 på Facebook.
Les heile sakaTorsdag 5. august er det klart for ny sesong for Surnadal pensjonistlags stavganggruppe. Første turen går til Ranessetra, og det er oppmøte ved bommen for samkjøring. Starttidspunktet er som vanleg kl 11:00. Alle er velkomne til bli med på tur!
Les heile saka