Todalen Idrettslag inviterer til tradisjonell 17. mai-frokost i Todalen ungdomshus onsdag den 17. mai etter biltoget. Biltoget startar frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00, så frokosten blir servert rett etter at biltoget har køyrt rundt bygda og kome opp til ungdomshuset. litt før klokka 11:00.
Les heile saka
Laurdag 13. mai, altå i morgon, klokka 11:00 blir det vårdugnad på Bordholmen for å førebu anlegget til 17..maifeiringa. Det skal ryddast i utstyr og anna i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Det må også ryddast litt ute etter vinteren. Så ta med høveleg utstyr til raking og liknande.
Les heile saka
Høge straumprisar i vinter og vår påverkar etterspørselen etter ved. Bjørn Kvendset er ein av dei som driv med produksjon og sal av ved til fyring. Han fortel at det har vore stor etterspørsel etter ved den siste tida – mange har alt gått tom for ved, men Bjørn har enno noko som er disponibelt for sal. Det har vore etterspørsel både etter bjørkved, blandingsved og olderved, og med forskjellig fyringsverdi så er det sjølvsagt prisforskjellar på dei forskjellige kvalitetane.
Les heile saka
På Syltøran er det to jubileum no på tampen av veka – Hageland Surnadal fyller denne veka 10 år . Det er gått 10 år sia Mons Otnes kløpte snora og opna Surnadals nye hagesenter som ligg vegg i vegg med Byggmakker Surnadal. Den andre jubilanten er nemleg Byggmakker Surnadal som i år har halde på 25 år på Syltøran. No har dei slege saman dei to jubileumane og markerer dette med ei skikkeleg jubileumsfeiring, der dei har fyrt opp grillen og pizzaomnen og sørgjer for uteservering på torsdag, fredag og laurdag – altså tre dagar til ende.
Les heile saka
Det er Trollheimen fjellsportklubb som står som arrangør av motbakkeløpet «Dammen Opp», som startar frå Forsamlingshuset på Nordvik og går etter Blomlivegen opp til inntaksdammen for kraftverket. Løypa er knappe 3 km lang, og her er det Håvard Gjeldnes som har løyperekorden frå fjorårets løp der han kom i mål på tida 14,56 og ny løyperekord.
Les heile saka
Denne veka har alle som ikkje har reservert seg mot reklame i postkassen fått det nye magasinet for 2023. Surnadal 2023 som magasinet heiter er ei flott trykksak på 52 sider som presenterer mykje av det vi har å by på i Surnadal kommune. Her er det bruka mykje plass for å vise kor stor bredde det er i næringslivet i vår kommune, men det er også mykje godt stoff frå skule, fritidsaktivitetar, foreningsliv, bustadpolitikk, gode oppskrifter og ikkje minst det allsidige kulturlivet.
Les heile saka
Onsdag kveld var Hagelaget på plass i arboretet for å bidra med klargjeringa til sesonopning. Dette er ein rutinert dugnadsgjen som stiller opp år etter år. Dei er utruleg effektive når dei setter i gang – dei veit kva som skal gjerast og får arbeidet fort unna. Dermed var dugnadsarbeidet unnagjort på halvanna time. Etter at arbeidet var unnagjort serverte Maja Frønes suppe til heile gjengen, og det var nok godt med litt påfyll av energi etterpå.
Les heile saka
Todalen Båtforening kaller inn sine medlemmer til årsmøte på kantina på Talgø (2 etasje) torsdag 25 mai 2023 kl. 19:30. Saker som ønskes behandlet på årsmøtet må meldes inn til styret v/formann Bjørn Hauglann innen 18. mai 2023.
Les heile saka
Sia den første Volkswagen Type 2 kom først på 60-talen har det jammen skjedd mykje på bilfronten. I dag fikk vi tilbudet om å prøvekjøre VW ID Buzz, og det vart nok ein anna verden enn Type 2. Så er det da kanskje 60 år mellom dei to variantane, så det skulle da berre mangle. Har da hatt førarkort sia 1969, så vi har da fått prøvd gammeltypen, og og etter tida var da den bra.
Les heile saka
Søya/Todalen sitt G11 lag i fotball, spela i kveld kamp mot Sunndal på Søyabanen. Kampen vart spela på ein fin og velstelt grasbane, så speleforholda var i toppklasse, seier rapportane vi har fått frå kampen.
Les heile saka
17. maifeiring uten korpsmusikk det går ikkje an – i fleire år har veteranar frå Stangvik skulekorps stilt opp og sørga for korpsmusikk til togent i Todalen. I kveld var det øving på kantina på Talgø, og her var det 6 personar som møtte. Det er i minste laget, seier Ingeborg Myrvang som er «primus motor» for 17.-korpset . Vi mangler nokre grunnstemmer for å få det til å låte bra, så vi setter vår lit til at vi klarer å lokke med oss nokre fleire til å kome med i siste liten.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken.
Les heile saka