Eik-senteret i Surnadal melder om endra opningstid i samband med julehelga. Julaftan er butikken stengt medan den er open 4. til 6. juledag 9-15 og nyttårsaftan 9-12. Laurdag 2. januar er butikken open 9-12. Elles er det vanleg opningstid.
Les heile saka
Lukta av jul. Nellikspikar og granbar. Smult og grønsåpe. Kongerøykelse, Dahls julebrus og for nokon av oss: lut. Og ikkje av den kaustisk soda-typen. Nei, den luta som er resultatet av kontrollert fyring med bjørkaved (og berre det!), gjerne i to omnar slik at ein kan sikre seg ei raus bøtte med det grå oskegullet. […]
Les heile saka
Frå Visit Nordvest har vi fått pressemelding om at dei no har fått 7 nye «turambassadørar», og mellom dei er det to frå Todalen: Torry med matmor Astrid Longva Kvendset og Oda Halle.
For en tid tilbake søkte vi etter ambassadører som kan være med og vise frem hva Nordmøre og Romsdal har å by på. Vi fikk mange gode søkere, og er glade for at det er så mange som har lyst til å være med å dele gode opplevelser fra området vårt. Vi har nå valgt ut de som skal være de offisielle ambassadørene, og gleder oss til å samarbeide med denne fine gjengen! Bli litt bedre kjent med Nordvestambassadørene 2021 her:
Les heile saka
Fram til siste halvdel av 1970-talet var det heilt vanleg med heimeslakting i førjulstida på bygdene. Da var det slakting av sau, gris og okse/ku som var det vanlege. I dag er heimeslakting langt ifrå vanleg, og den heimeslaktinga som går føre seg er stort sett relatert til slakting av storvilt. I Nystuå i Todalen trefte vi i dag på tre karar som held tradisjonane med heimeslakting i hevd. Dei var i gang med å slakte ei fjorårskolle, skoten i Hauråa og ein elgkalv, skoten på Storhaugen, av jaktlaget på Sørsida av Todalen.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, får vi oppdatert informasjon rundt Covid19 situasjonen i kommunen akkurat no. Kommuneoverlegen har ikkje fått melding om at nokon av dei berørte elevane som vart sett i karantene, har testa positivt. På bakgrunn av dette vil undervisninga gå som normalt for 5.trinn ved Øye skule og 8.trinn på Surnadal ungdomskule frå i morgon måndag 14.12.20. På same grunnlag opphevar vi rådet om å halde seg mest muleg i ro gjennom helga for alle berørte som ikkje er definert som nærkontakt. Rådet er oppheva frå no i kveld, melder Surnadal kommune til Todalen.no
Laurdag 19.desember klokka 13:00 opnar keramikkutstillinga «Kunstnere in spe» i Bondehuset i Stangvik. «Kunstnere in spe» er ei keramikkutstilling der arbeida er laga av tolv ungdommar i alderen 10-12 år. Ungdommane kjem frå kommunane Surnadal og Sunndal, og har arbeidd med prosjekta sine i haust. Det er Brit Dyrnes frå Kvenna Kunstverksted som har vore prosjektleiar og instruktør. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunndal kommune og Surnadal kommune.
Les heile saka
I dag har Start 4H hatt kornbandsal på Matkroken Todalen. Magne nytta høvet til å kjøpe ein «godbit» til småfuglane no i førjulstida. Det var Sivert Sogge og Jens Sancho Ansnes som stod for salet den første timen. Den neste timen var det Maria K. Bergli og Selma S. Gjeldnes som var seljarar. Den siste lille timen var det Ingebrigt K. Bergli, Johan Ranes og Van Adrian Ansnes som styrte butikken.
Les heile saka
Dei tiltaka som er sett i verk lokalt går som planlagt og kommunen held fram med smittesporinga. Kommunen håper på fleire avklaringar i løpet av laurdag, men dette avheng av kapasiteten på testlaboratoriet. Surnadal kommune presiserer at personen som har fått påvist Covid19 smitte, både er busett og tilsett i ei bedrift i Surnadal kommune. I pressemeldinga i går kveld kunne det lett bli oppfatta som om personen ikkje var busett eller arbeidde i her i kommunen. Smittetiltak er iverksett i bedrifta der vedkommande er tilsett.
Les heile saka
Det dreier seg om ein vaksen person som ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Personen er isolert og nærkontaktar er sett i karantene. Under smittesporinga har det kome fram informasjon om mogleg smittespreiing til skular. Det er så langt ikkje påvist smitte, men årstrinn smittesporinga vedkjem er stengt inntil kommunen har oversikt over situasjonen. I første omgang gjeld denne stenginga fredag 11. desember 2020.
Les heile saka
Sidan det vart lagt is på Bordholmen for snart to veker sidan har det vore stor aktivitet både på og utanfor isen. Det er Knut Bergli og Finn Ranes frå Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som har hovudansvaret for isprepareringa, ein jobb dei skjøttar til fulle. Ungar i alle aldrar har dei siste to vekene kosa seg med ishockey og skeiser.
Les heile saka
Her har vi lagt ut en musikkfil som skal testes – Todalen kyrkje
Les heile saka
Ida Bochkon er blomsterdekoratør på Hageland Surnadal, og jobbar mykje med snittblomster/bukettar og sorgbinderi i ein eigen «verkstad» inne i butikken. Ho har godt lag med blomster, og det skal da berre mangle, for ho har fagbrev som blomstedekoratør. Det går leikande lett å sette sammen ein flott bukett med fargerike blomster som praktisk talt lyser opp i den mørke årstida vi no er inne i.
Les heile saka