Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen engasjerte mange til rundtur rundt bygda – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 27. desember 2020

Etter fleire dagar med mykje god mat og lite fysisk aktivitet er det godt å kome seg ut i frisk luft og kanskje få litt trim.  I år er det nok mange som også føler behov for å ha litt sosial kontakt med andre enn berre de «indre krets» i familien.  Romjulsmarsjen er det einaste arrangementet i Todalen denne jula, men også den er litt amputert og tilpassa pålagt smittevern etter beste evne.

Les heile saka


Stikk-Ut ski på Tjønnmmyran

Mari B. Redalen Laurdag 26. desember 2020

Stikk-Ut ski på Tjønnmyran er no åpna. Ikveld ble koden limt på postskassen ved enden av lysløypa og alt er klart for å registrere sine skiturar for dei som ynskjer det. Foreløpig er Tjønnmyran den første ski posten som er åpna i kommunen. Representant fra trimgruppa som var oppe på anlegget no i kveld kan rapportere om nydelege forhold i skiløypa. Så her er det bare å kaste seg rundt og ta på skia.

Les heile saka

Alternativ juletrefest på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. desember 2020

2. juledag har tradisjonelt vært dagen for juletrefest i Forsamlingshuset på Nordvik.  Koronasituasjonen og gode råd frå smittevernet i Surnadal kommune gjorde at det ble alternativ juletrefest i år, der et kreativt styre i grendalaget trødde til med rebusløp i stedet.  Fra Hanne Waag har vi fått både bilder frå arrangementent og løsning på koden til gavesekken…

Les heile saka

3 juledag: Velkommen på Romjulsmarsj

Mari B. Redalen Laurdag 26. desember 2020

3. juledag frå 12-15 arrangerer trimgruppa i Todalen i.l marsj rundt bygda. Då dei fleste arrangement har vorte avlyst pga Covid 19 og smittevernstiltak i 2020, er det ekstra hyggeleg å arrangera romjulsmarsj iår sier trimgruppa. Sjølvasagt vil det bli teke smittevernstiltak òg her, med bla ingen servering.

Les heile saka

Ei lita oppsummering av storviltjakta 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. desember 2020

Onsdag 23.desember, ved midnatt, var årets storviltjakt slutt. Så no blir det pause fram til den 1.september for storviltjegerane. Dei oppdaterte tala syner at det i Todalen er skote    totalt 60 dyr. Det er skote 40 hjortar, 5 elgar og 15 rådyr. Dei tilsvarande tala i 2019 var 35 hjort, 2 elgar og 13 rådyr. Det betyr at det i år er skote totalt 10 dyr meir enn i fjor. 

Les heile saka

Kjempefine forhold på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. desember 2020

Frå anleggsleiar på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, har vi fått opplyst at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Han seier det er kjempefine forhold og at sporet er som «trikkeskinner». Så da skulle det vere skikkeleg fine forhold for ein skitur no i romjula. 

Les heile saka

Ny og spennande epoke for Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå

Stig Husby Fredag 25. desember 2020

Ekteparet Palmer og Anna Britt Vikan overtok begravelsesbyrået fra Ragna og Ivar Meisingset i 2014, som starta opp Surnadal og Rindal begravelsesbyrå i 1978. No 42 år etter oppstarten så er ein ny og spennande epoke klar. I løpet av vinteren neste år er det Bjørn Vevang som overtek ansvaret for drifta vidare. Bjørn kjenner dei fleste som organist i kyrkja, men no vil fleire stifte bekjentskap med Bjørn som representant og dagleg leiar i begravelsebyrået.

Les heile saka

God jul!

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2020

Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg, men vi er likevel på post for å få med oss store og små hendingar.  Det gleder oss også at vi stadig får fleire lesarar – når vi no går inn i jula 2020 så veit vi at lesartalet så langt i år har auka med knappe 4 prosent – ei veke før vi sett sluttstrek for dette spesielle året.  No er det viktig at vi tek vare både på oss sjølve og andre –  God jul frå oss i redaksjonen!


Julegudsteneste på koronavilkår

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2020

Det var lenge tvil om det skulle bli julegudsteneste i Todalen kyrkje på julaftan.  Det vart einslags kompromiss for arrangementet, med dobbel avstand mellom sitteplassane og sjølsagt obligatorisk handvask med antibac for å redusere eller eliminere smittefaren.  Det vart imidlertid eit treiveleg arrangement med 30-40 påmeldte, men sokneprest Kristin Strand og resten av gjengen klarte å lage god atmosfære med tilhøyrande julestemning for oss som var der. 

Les heile saka

Pepparkakehus – reis deg

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. desember 2020

Bygging og pynting av pepparkakehus er ein vanleg førjulsaktivitet rundt om. Tysdag kveld hadde Marit Ingeborg invitert to av søskenbarna sine, Van Adrian og Jens Sancho, til «Bygge-dugnad» på langbordet i Øya. Pepparkakehuset var eit «elementbygg», ikkje frå TalgøMøretre denne gongen, men frå Matkroken Todalen. 

Les heile saka