18.november 2017 blir det arrangert ein kulturhuskonferanse, på Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden i regi prosjektet Huset i Bygda. Målgruppa for denne konferansen er organisasjonar og huseigarar frå heile fylket. Temaet for dagen er søknadsskriving og tilskotsordningar, og korleis ein kan auke arrangørkompetansen sin.
Les heile saka
Folkemøte – info om Halsetøran naturreservat
Kveldens folkemøte om Halsetøran naturreservat avslørte at det er behov for både meir informasjon og meir kommunikasjon – Ola Betten og Solveig Berg frå Fylkesmannen i MR signaliserte ei ny tid i tilhøvet til byråkratiet. Både grunneigarane og andre interesserte var invitert til kveldens infomøte i skulen. Dei to frå fylkesmannens kontor signaliserte at dei […]
Les heile saka
Stor innsats for UNICEF
Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!
Les heile saka
Saknar sauer i Bjøråskaret
Eystein Opdøl saknr nokre sauer som tidlegare i haust har gått mellom Bjøråskaret og Litj-Grinaren. Sauene vart sist observert for ei vekes tid sia, men da dei skulle hentast ned eit par dagar seinare var dei svart borte.
Les heile saka
Brev fra en utflytta Øyagrending….
Mitt navn er Erik, fullverdig medlem i «Høst- og Vinterblotgjengen» til Terje N og Bjørn Halle med rypejakt på Skihytta. Vi er to Eriker der og siden jeg er eldst, har jeg foreslått at navnet mitt skal være Gammel-Erik (kfr parentes nedenfor) for å unngå misforståelser. Navnebyttet er vedtatt og skålt for. Jeg vokste opp på meieriet i Todalen. Allerede i dåpen ble jeg knyttet til Todalen gjennom fadderne mine, Ingeborg og Ola Ansnes i Øya.
Les heile saka
Turrapport Virum/Øyakjerringa
Ein september utanom det vanlege har gjort at mange har benytta seg til å gå mange og fine fjellturar. Ei av dei er Hege Sæterbø Andersen, og ho har sendt oss ein turrapport frå turen ho og Arnhild Bergheim hadde til Virum/Øyakjerringa 28. september.
Les heile saka
Informasjonsmøte Todalsøran naturreservat
Fylkesmannen ved Ola Betten og Solveig Silset Berg inviterer grunneigarar i Todalsøran naturreservat til eit informasjonsmøte. Naboar og andre brukarar er sjølvsagt også velkomne. Bakgrunnen for møtet er at Fylkesmannen ser behovet for nærare informasjon og oppklaring i kor grensene til naturreservatet går.
Les heile saka
Slaktarhistorie frå Surnadal og Nordmøre
Nytt onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 11. oktober kl. 13 – og denne gongen om slaktarhistorie for Nordmøre generelt og Surnadal kommune spesielt.
Andreas Sandvik har skrive slaktarhistorien for Nordmøre, og i den nær 560 sider store boka er mykje av stoffet henta frå noverande Surnadal kommune.
Les heile saka
Paris by night i Ungdomshuset
Tordenskjold songlag sørga for skikkeleg stemning med sin franske aften i ungdomshuset. Og når det er fransk aften er sjølvsagt stemninga sterkt prega av Edit Piaf og Les Miserables, og det var også fredagskveldens forestilling i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaTilskott til kulturprosjekt og anlegg
Lag, forsamlingshus og andre som har tenkt å søkje om spelemidlar til bygging eller rehabilitering av hus eller anlegg i denne søknadsrunden, må ta kontakt med kultureininga før 15. oktober.
Les heile sakaOdd Nordstoga kjem til Bøfjorden
Søndag 22.oktober kl.19.30 kjem sjølvaste Odd Nordstoga frå Vinje i Telemark til Bøfjorden og Leikarvollen Scene. Billettsalget har pågått sidan i sommar og det er så lagt seld rundt 150 billettar kan primus motor Kay Edvin Sættem Nessæther fortelje.
Les heile saka
Bli med og marker den internasjonale eldredagen
Surnadal pensjonistlag og Eldrerådet markerer Den internasjonale eldredagen på Kulturhuset den 6. oktober kl 11.00. Her blir det både middagsservering og underhaldning.
Les heile saka