Driftsstyret vinteranlegg i Todalen Idrettslag har køyrt opp skispor og turveg i traseen til Toåa tursti. På den eine sida er det skispor, medan det på den andre sida er trase for gåing, med eller utan truger. Så akkurat no kjempefine for alle typar turaktivitet i turstien. Da vi tok turen i dag, var det kjempefine forhold med sol, som faktisk varma litt, sjølv om gradestokken viste -12.
Les heile saka
I dag feira Todalen oppvekstsenter at sola har kome att, samstundes som dei feira «samefolkets dag», sjølv om den først er i morgon, 6.februar. Mellom den 6.november og 5.februar er sola borte ved oppvekstsenteret, så i dag var det stor glede da sola viste seg for første gong på knappe tre månader.
Les heile saka
I en pressemelding som er distribuert i dag har Todalen Elveeigarlag informert om arbeidet som er gjort for å endre vilkårene for laksefisket i Toåa. I første omgang er det en prøveordning på 2 år, der Todalen Elveeigarlag og Todalshytta AS inngår eit samarbeid om salg av laksefiske. Det legges tilrette både for lakseturisme og lokalt folkefiske står det i pessemeldingen som du kan lese nedenfor:
Les heile saka
Første månad av året 2021 er allereie over og her kjem kåringa av månadens bilete for januar. Vi held kåringa open til søndag kveld. Som alltid sett vi stor pris på bidrag på red@todalen.no
Les heile saka
Surnadal kunstforening avviklar sitt årsmøte på Surnadal kulturhus torsdag 25.februar klokka 18:00. På grunn av smitteverttiltaka vil det bli påmelding til årsmøtet for den som vil delta.
Les heile saka
No nærmar det seg faste. Det er fastelavnsøndag 14. februar, og Todalen sanitetsforening har alt både fastelavnsris og fastelavnshjarte klare til sal. Laurdag 6. februar blir det sal av fin fastelavnspynt ved Hals/Matkroken.
Les heile saka
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte onsdag 3. mars 2021 kl. 19:00. Årsmøtet blir på Thon Hotel Surnadal. Årmøtet vil bli arrangert med gode tryggingstiltak.
Les heile saka
urnadal kommune melder at mange ringer Vaksinetelefonen for å bli sett opp på koronavaksinasjon utan at dei har fått innkalling. Brevet som vart sendt ut til alle over 65 år ved juletider, er ikkje å forstå som ei innkalling, men eit informasjonsskriv om at ein vil få tilbod om koronavaksinasjon.
Les heile saka
Natt til torsdag har vi hatt dei lågaste temperaturane så langt i vinter. På Kårvatn vart det registrert -22, og rundt bygda er det iallfall registrert temperatur tett opp til 20-talet. På vêrmeldinga til yr.no ser det ut til at vi må være førebudd på meir kulde – iallfall fram til neste helg.
Les heile saka
Den siste tida er det mange som har vore utom kanten på vegen mellom Todalskrysset og Todalen. Etter det siste snøfallet er det fleire som har vore i grøfta, og det er grunn til å åtvare mot å kome for langt utpå kanten når du kjører på strekninga.
Les heile saka
Jugenstilsenteret & KUBE-museum i Ålesund har kjøpt seks keramikk skulpturar av kunstnaren Brit Dyrnes. Brit har sine røter frå Stangvik, og er i dag eigar av Rønnan i Stangvik. Kunstverka som Jugenstilsenteret har kjøpt inn har tema TILSTAND, og vart utstilt på Kunsthall Trondheim i 2019. Det er ei stor ære å bli kjøpt inn med heile 6 verk til dette flotte museet, seier Brit til Todalen.no.
Les heile saka
Smittesituasjonen gjer at Surnadal kino går tilbabake til meir normal drift – men ikkje heilt! Sjølv om Surnadal kino framover vil vise fleire filmar, enn dei har gjort sidan nedstenginga 4.januar, er det under føresetnad av at ein følgjer smittevernkravet om å unngå aktivitetar som stimulerer til auka reiseverksemd mellom kommunane. Difor er kinotilbodet ved Surnadal kino berre tilgjengeleg for personar som er busett i Surnadal kommune.
Les heile saka