Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sanitetsforening med påskeoverrasking til Todalen oppvekstsenter

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mars 2021

Vanlegvis er det jula ein assosierer med overraskingar i form av gåver, men på ettermiddagen i dag dukka Kari Kvendset og Jorunn Ørsal, frå Todalen Sanitetsforening, opp på Todalen oppvekstsenter med ei skikkeleg overrasking til elevane og dei tilsette. Ei overrasking både elevane og dei tilsette sette stor pris på!

Bakgrunnen for gåveutdelinga, er eit samarbeid mellom Orkla og Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S) sitt samarbeidsprosjekt for å hjelpe dei som er særleg råka av koronapandemien. Vilkåra for tildelinga frå Orkla er at det blir handla Orkla-produkt og ikkje minst, at varene blir handla lokalt. Todalen Sanitetsforening ønskte difor å gje ei oppmuntring til elevane og dei tilsette ved Todalen oppvekstsenter. Elevane fekk godteri, brus, appelsin og kjeks. Men sanitetskvinnene er opptekne av helsa vår, så dei hadde òg tenkt på tennene til elevane, og difor lagt med ein tannkost til alle. Dei tilsette fekk blomster. 

Her kjem Kari Kvendset med blomster til dei tilsette. Foto: Torill Gjeldnes

– Dette var ei skikkeleg oppmuntring og ei gledeleg overrasking ved inngangen til påskeferien, seier rektor ved oppvekstsenteret, Britt Mossing. Noko ho fekk unison støtte frå alle elevane og dei andre tilsette på! Så vi kan trygt fastslå at det vart ein kjempefin start på påakeferien! 

Ungane ved barnehagen vil få ei korg med godsaker etter påskeferien, fortel Kari Kvendset i Todalen Sanitetsforening. 

Under kan du sjå fleire bilete: 

Publisert: 26. mars 2021, 17:46