Årets Trollheimsmarsj går i år av stabelen søndag 10. september. Nytt av året er at ruta er snudd, med start på Leikvoll og målgang på Bordholmen. Dette er som vanleg eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen IL og Ulvungen IL. Turen tek omlag 5 timar og passar for alle i alle aldrar med sine knappe 850 høgdemeter.
Les heile saka
Måndag 28. august inviterte Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga til KløverRUSLEtur oppå Tjønnmyrå. Det var godt turver, og heile 25 personar var samla rundt gapahuken til Todalen idrettslag.
Les heile saka
Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 11. og tysdag den 12. september på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.
Stangvik historielag fikk skikkeleg respons på sitt arrangement med historisk vandring på Nordvik, der mellom 50 og 60 deltakarar stilte opp søndag føremiddag. Det var oppmøte i tunet i Nistua, der vi fikk førstehands innføring i historia om Nordvik meieri, Nordvik smørlag og om Postens historie på Nordvik. Alt dette er borte no, men minnet lever vidare og minnet er det viktig å ta vare på.
Les heile saka
Birkebeinerrittet vart i dag arrangert for 25. gong med fleire lokale utøvarar på startstreken. Håvard Gjeldnes var den einaste av dei 15 deltakarane som stilte i eliteklassen. Og det resulterte i ein sterk 37. plass på tida 2:41:46, med 72 personar på startstreken i herreklassen.
Les heile saka
Med over 80 frivillige i aksjon og rundt 560 fotballglade ungar fordelt på 80 ulike fotballag var rammene for ein triveleg og godt gjennomført Søyacup sett nok ein gong. IL Søya er rutinerte arrangørar, og hadde tnaturleg vis også fullklaff med vêret på Kvanne.
Les heile saka
Harald Egil Folden er kjent for sine fjellturer og mange fine fjellbilder – spesielt fra turer i Trollheimen. Denne uken har han vært på tur i Todalsfjella, og har sendt oss en epost med mange fine bilder. Han skriv…
Les heile saka
Todalen Oppvekstsenter fekk overraskande besøk av politiet på torsdag i høve Aksjon skuleveg! Dei ville informere om sykkelreglar og trafikkreglar no ved skulestart -da det er mange små på vegane. Ungane svara velvillig, hadde kunnskapen i orden og kom med mange spørsmål.
Les heile saka
Talgø MøreTre er på plass i Stjørdal, der landbruksutstillinga Agrisjå 2017 startar i dag. Dei siste dagane har det vore jobba på spreng for å få på plass utstillinga som spesielt har fokus på landbruksbygg i tre, basert på Møre Royal. Det er venta mykje besøk på Agrisjå 2017, både frå nærområdet og frå resten av landet. Frå Surnadal arrangere dei lokale bondelaga busstur til messa.
Les heile saka
Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga inviterer måndag 28. august til rusletur oppå Tjønnmyrå. Her har idrettslaget dei siste åra arbeidd opp eit fint anlegg med stor gapahuk med bord og benkar og fine løypetrasear. Om vinteren er det lysløype, men no er det fine grusvegar som passar godt til rusleturar. Her kan ein ta seg fram både med rullator,
Les heile saka
Denne veka gikk stavgangturen til Folldalen, der heile gjengen var invitert til Aunesetra. Det var eigaren, Odd Birger Aune, som tok i mot og som orienterte om setra og seterdrifta på Aunesetra.
Les heile saka
På dagens verdiskaperkonferanse i Kristiansund ble Talgø MøreTre tildelt verdiskaperprisen for næringsliv og kr 100.000. Det ble i år delt ut to Verdiskaperpriser – en til næringslivet som altså Talgø MøreTre fikk og en til kultur som Peder Rensvik fikk sammen med sin kone Margaret. Rensvik fikk også Knutzon ærespris i tillegg.
Les heile saka