Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for Stikk UT! Ski på Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Tysdag 27. februar 2018

Fint å ta pause i gapahuken. Arkivfot Todalen.no

Stikk UT!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at no er det opna for Stikk UT! Ski oppå Tjønnmyran. Postkassen med bok og kode er på plass, og forholda er fine.

Rundturen oppå Tjønnmyrå er på 1,6 km, stigninga er berre på 40 m. Turen har grøn kode, altså ein enkel familietur. Og så ligg det godt til rette for trivelege pausar der da det er fin gapahuk. No er også sola tilbake etter vinterpausen. Og om kvelden er det berre å slå på lyset.

Fleire opplysningar om turen finn ein på sidene til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Stikk UT! Ski.

Da er alle dei seks turmåla i kommunen i gang, det er bra! Forholda for å gå ski er fine no. Det er berre å ta fram skiene og Stikke UT! God tur!

Fint turområde. Foto: Dordi J H

Fint turområde. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 27. februar 2018, 16:44