Vi har alltid hatt mange kundar frå nærmiljøet, og no vil vi vise at vi verdsett dei lokale kundane og vi vil også vise at det skal lønne seg å ta turen til Kårvatn og kome innom butikken vår. No er butikken rigga for julehandel og det kan faktisk lønne seg å ta ein tur. Det meste av handelen frå Kårvatn Fjellustyr går som netthandel, og det er faktisk lokale kundar også som nyttar seg av det.
Les heile saka
Stangvik Grendalag arrangerer den tradisjonelle basaren i Bondehuset i Stangvik neste laurdag 25. november frå klokka 16:00. Der blir det ballkast, pilkast og aktivitetar for barna.
Les heile saka
Frivilligsentralen i Surnadal inviterer til markering av «Frivillighetens dag», med å arrangere «Frivilligforum» i Svorkasalen på Surnadal kulturhus tysdag 5. desember klokka 18:00 – 20:00. «Frivilligforum» er ein arena for frivillige lag, organisasjonar og frivillige som er interesserte i eit levande lokalsomfunn, og som har lyst til å engasjere seg med sitt lille eller store bidrag.
Les heile saka
Under et medlemsmøte i Nordmøre forsvarsforening i Surnadal 15.11.23, ble mangeårige medlem i foreningen, Johannes J. Vaag, tildelt to høye utmerkelser. – Som en ivrig utøver av militær idrett ble Vaag overrakt en hedersbevisning for å ha oppnådd NROF-kruset 40 ganger. Kruset utdeles av Norges Reservistforbund (NROF) og omfatter krav som må være oppnådd i en rekke forskjellige øvelser som skyting, infanteriløp, hinderløp m.m.
Les heile saka
Oktober sitt beste bilete var sendt inn av Mari B. Redalen. Tittelen er skogens ro, og blir kanskje årets siste vinnar med berrmark?
Les heile saka
Søndag 19. november klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Forrettande prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Konfirmantane er med. – Dei møter kl. 9.30, heng opp salmenummera, ringjer med klokkene, går i prosesjon, og kanskje vert det tekstlesing, fotel Torbjørn.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, melder at skeiseisen på Bordholmen stadion no er klar til bruk. Dei siste dagane med blåe grader på gradestokken, har gjort det mogleg å vatne skeisebanen i fleire dagar, slik at det no er fin is på skeisebanen.
Les heile saka
Skal du henge med i svingane, så er det viktig å ha ein topp moderne fabrikk, seier Charlotte Fleten, som er dagleg leiar på Melby Snekkerverksted på Eide. Melby er som kjent ein del av Talgøkonsernet, men er lokalisert til Eide på Nordmøre der dei har drive trappeproduksjon sia 50-talet.
Les heile saka
Onsdag 6. desember klokka 13:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til julemiddag på Folkehøgskulen i Surnadal. – Kom og bli med på den tradisjonelle «julemiddagen» til Pensjonistlaget!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag.
Les heile saka
Etter ein vellukka thai-buffe med bra besøk i helga, er det no klart for lutefiskaften på Todalshytta komande laurdag. Lutefisk er nok ein tradisjonsrik julerett for mange, men lutefisken har også førjulstradisjonar i mange heimar. Laurdag kveld finn du altså lutefisk som einaste rett på menykartet på Todalshytta. Meld deg på til Arve på telefon 929 97 550.
Les heile saka
Surnadal Frivilligsentral inviterer til alle barn i alle aldrar til «Juleverkstad» søndag 3. desember klokka 14:00 – 16:00 i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei. Klokka 16:00 blir det julegrantenning på kulturhusplassen.
Les heile saka
«Trollheimsfjella står i ring kring gamle Tovadal» – slik skriv Leif Halse i Todalssongen. Fjella er både majestetiske og fine, men dei skuggar for sola no når ho er så låg.
Les heile saka