Nok ett blogginnlegg er klart. Denne gongen frå ein halsetgarding busett på Byåsen i Trondheim. Finn deg ein kaffekopp i gråveret (som vi alle fall har her i Todalen) og sjå kva Arve sysslar med.
Les heile saka
Ny familiedag laurdag
Laurdag 3.mai blir det igjen arrangert familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker.
Les heile saka
Oppstart med sykkeltrim på Nordvik
Nordvik Grendalag er klar for vår, og trør førstkommande søndag i gang med sin populære sykkeltrim. Dei har ei vellykka ordning med servering av saft, kaffe og bakels annakvar gong. Ellers har dei også litt vedlikehald på uteområdet ved grendahuset og finpuss til sommars på leikeplasen i Sollia.
Les heile saka
Travelt med vår
RBL har hendene fulle med våren litt i tidligste laget, i følge daglig leder Grim Røen og Trollheimsporten. Dei har fortsatt snøskutrar til ein rimeleg penge, men no er også plenklipparane fått god plass inne i butikklokala på Sunna.
Les heile saka
Svorka behøver medhjelper i Todalen
Svorka Aksess er nå på utkikk etter en person som kan tiltre i som medhjelper til sin utførende graveentreprenør. Gravesesongen er i gang og Svorka skal om kort tid starte fiberutbygging i Todalen. De har derfor behov for snarlig hjelp. Det ønskes en arbeidsvillig ungdom som er “vant til å ta i et tak”.
Les heile saka
Spenning til siste slutt
Seriestarten er også godt i gang i de yngre årsklasser. G12 Søya/Todalen hadde i gårkveld sin seriestart mot eitt av dei tre Surnadalslaga dei har havna i serie med. Det vart ein spennende kamp, både for spelarar og tilskuarar.
Søya/Todalen leda 4-2 til pause, men etter ei iherdig opphenting av Surnadal i 2. omgång vart stillinga 6-6 etter nokre nervepirrande sluttminutt, der Søya/Todalen til slutt fekk inn det siste målet.
Les heile saka
Dugnadsgjengen trossa regnvêret
Måndag kveld var det kyrkjegardsdugnad, med rydding av rusk og rask og lauvraking etter ein lang vinter. Eit par team dreiv også med oppretting av minnestøtter som telen hadde herja med i vinter. Til tross for at vêrgudane varta opp med surt regnvêr var det mange frammøtte og god stemning blant dugnadsgjenen. Sjølvsagt vart det […]
Les heile saka
Påtroppande og avtroppande i fylkeslaget…
Denne helga har det vore fylkesårsmøte i Møre og Romsdal sanitetsforening. Etter valet er det klart at det blir leiarskifte, etter at Elinor Bolme frå Todalen tek over leiarklubbe etter Solveig Fosseide frå Rindal. Fylkesårsmøtet har foregått på Hotell Alexandra i Molde, der det har vore fleire utsendingar på plass frå Todalen sanitetsforening, fortel Ragnhild A. Moe som har sendt oss bilete frå årsmøtet.
Les heile saka
Saniteten: Sko, klær og leiker i lange baner
Todalen sanitetsforening hadde laurdag klesinnsamling i Sanitetshuset på Kvennset. – Og folk kom med både klær, sko og leiker i både sekkar og kartonger, og Synnøve og Kristine lasta sekk på sekk inn i reiskapshuset utafor Sanitetshuset. Seinare skal dette transporterast til Estland, for utdeling til barneheimar og andre som treng det.
Les heile saka
Først kamp mot Bøfjorden
Årets første seriekamp i fotball for a-laget til Søya/Todalen ble spilt på banksletta fredag. Motstander Bøfjorden kom med alle sine beste menn. Disse kampene har de siste årene vært tette og jevne. Lagene kjenner hverandre godt og det ligger ekstra mye prestisje i å vinne. Fredagens kamp var ikke noe unntak i så måte. Søya/Todalen klarte å dra hjem seieren med knappest mulig margin. 1-0 etter skåring av Ola Heggset.
Les heile saka
Starta ny tursesong til Haltbakkan
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med tur til Haltbakken sist torsdag. 34 deltakarar var med på årets første stavgangtur i det fine vår vêret, der gradstokken nærma seg 20-talet. Frå Haltbakken fekk gjengen ein fantastisk flott utsikt innover mot Sula og Nordvik, flott innramma med Todalsfjella i bakgrunnen. Ved grillhuset til Magnar Gjeldnes vart det ein lang kaffepause, før returen gikk via Sjøtrøa og innover mot Åsbøhagen og til Rabblèet.
Les heile saka
Dagen vart ikkje som planlagt!
Kvelden 30. mars er det mange som ikkje kjem til å gløyme. Da skjedde det som kom til å forandre livet til Eirik Halle og familien hans. Eirik (22) hadde invitert ein gjeng med studievener til Todalen, for at han ville vise fram heimbygda og for at dei skulle ha ei frihelg saman.
Les heile saka