Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På gamle tomter igjen…

Jon Olav Ørsal Måndag 14. juli 2014

Stupsi, eller Reiner Thiemann som er det rette namnet er på ferie i Todalen. Da Todalen.no trefte han og kona Karin var dei bokstaveleg fortalt på gamle tomter, på Todalshytta. Dit kom han nemleg saman med ein gjeng tyske turistar på første gruppereisa som Vikingenreisen arrangerte til Todalen i 1969 – for 45 år sia.

DSC_4543

Stupsi hadde med seg albumen han har frå første åra på Todalshytta med Vikingenreisen. Foto: Jon Olav Ørsal

Året etter, i 1970 kom han tilbake til Todalen, men da som ein slags plassjef og ledar for dei gruppene som var her gjennom sommaren.  Stupsi var her kvart sommar fram til 1976, for å organisere turisttrafikken for Vikingenreisen som også hadde turistar på pensjonatet på Sandstad i Todalen og på Nordmøre folkehøgskule og Glærum feriesenter etter kvart. Under siste turen i jobbsamanheng nytta han høvet til å ta første og siste turen til Snøfjellet til fots, minnes han.

DSC_4544

Slik såg det ut i peisestua på Todalshytta i 1969. Foto: Reiner Thiemann

Men no er altså Reiner og kona Karin på ei vekses mimretur i Todalen og har innlosjert seg på hytta til Terje Nordvik på Kårvatn. Men dei har nytta høvet til å besøkje gamle vener i Todalen og Surnadal medan dei er her, og sjølvsagt teke seg korte turar for å nyte todalsnaturen. Mellom anna har dei fått med seg «supermånen» som lyste på dei gjennom Gammelseterdale og fotografert elg som beitte i Vasosvatnet.

Reiner fortel at han heile tida har halde kontakt med mange av venene i Todalen, og setter stor pris på det. Han er også av dei faste lesarane på Todalen.no, for å halde seg oppdatert på det som skjer i Todalen, og brukar gjerne eit par timar kvar vege på det.  Fast inventar er han også når todalingane reiser til Kölnmessa for å selje møblar. Der samlast heile gjengen for å arrangere «Todalsabend», og der har han vore deltakar i alle år, og vart heidra som æresmedlem i fjor da det var 20-årsjubileum for arrangementet.

DSC_4545

Det er nok mange gode minner i albumen frå 60-talet. Foto: Jon Olav Ørsal

Reiner har mange minner frå tida med Vikingereisen og Todalen, og blir ivrig når han legger ut om korleis det var. Dei reiste med buss frå Tyskland og tok ferje over til Norge. Når dei skifta gruppe, så skjedde skiftet på ferja, og bussen sette kursen til Todalen igjen. Det meste av matforsyningane hadde dei med seg i ein stor tilhengar på bussen, men ferskvarene var kjøpt lokalt. Butikkane var ikkje så godt rusta på turisttrafikken og det var nok så som så med språkkunskapane også. Men med bruk av fingerspråk og godt tålmod vart det altids ei løysing.

Kontakt med bygdefolket var det frå første stund. Todalen ungdomslag inviterte dei tyske ungdomane til ungdomshuset på «treff», og så vart det gjenvisitt til Todalshytta. Den var nok mang ein todaling som hadde sin debut med Ballantines whiskey og rimelig tysk øl som kosta 2 kr flaska. Det var også arrangert «landskampar» i fotball på Bordholmen, men det var nok ikkje VM-laget dei stilte med.

Stupsi_4549

Karin og Reiner Thiemann framfor Todalshytta i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Da Karin og Reiner gifta seg hadde dei fleire gjestar frå Todalen i bryllupet, og ekstra stas tykte Karin at det var fleire stilte i nordmørsbunad for høvet. Seinare har det vore kontakt fleire gong, og seinast på sin 60-årsdag fikk Reiner ei vekes todalsopphald i gåve. Da tok han med heile familien til Todalen og nytta da høvet til å invitere vener frå Todalen og Surnadal til feiring.

Tysdag går turen attende til Tyskland igjen, med ein kort visit til Grotli og Gjøvik på turen heimover.

 

Publisert: 14. juli 2014, 19:58