Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med kvalitet i høgsetet

Elinor Bolme Sundag 13. juli 2014

Torsdag 24. juli går startkonserten til årets Stangvikfestival. Ein festival som set kvalitet i høgsetet når det terpast på øvingar og ikkje minst når gjennomføring av konsertane skjer på dei ulike intime konsertlokala.  Åpninga under årets festival er lagt til Gammelfabrikken i Todalen med Marianne Meløy og Trygve Brøske si markering av stemmerettsjubileet; STEMT. Arrangørane lovar ei fantastisk framsyning  i fantastiske omgivelsar.

Stangvikfestivalen lovar på si heimeside opplevelsar frå «tung» nykomponert klasisk musikk til fun and show på fotballturneringa. Med andre ord; stor spennvidde!

Sjå foreløpig plakat her: Programutkast 2014, og hald deg ellers oppdatert på www.stangvikfestivalen.no. Når endeleg program er klart, vil dette naturlegvis bli utlagt her på todalen.no.

 

Publisert: 13. juli 2014, 09:00