Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To nye ladestasjonar på Nordmøre

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. juli 2014

Fredag vart det opna to nye ladestasjonar for elbilar på Nordmøre. I Amfi Surnadal, vart det montert og sett i drift ein fleksiladar. Den står på vestsia av Rema 1000, like ved trafokiosken, medan ein komplett hurtigladestasjon vart sett i drift på E39 ved Valsøytunet på Valsøya i Halsa. Ladaren på Valsøya er den første hurtigladestasjonen på Nordmøre, og ladar batteriet på elbilar på 10-30 minutt.

Dei som har el-bil ladar nok opp batteria over natta, i garasjen heime. Det tek nok litt lenger tid, men det høver nok godt for dei fleste å lade om natta eller når bilen ikkje er i bruk. Men har du elbil og skal ut på langfart, så kan det nok være godt å finne ein ladestasjon langs vegen. Da er det nok greit at ladinga er fort unnagjort, slik at du kjem vidare i løpet av 10-30 minutt med «full tank».

Amfi Ladestasjon_4490

Fleksiladaren ved Amfi surnadal står like ved trafokiosken på vestsida av Rema 1000-bygget. Foto: Jon Olav Ørsal

Ladaren som er montert ved Amfi er såkalla fleksiladar, og tek frå 1-6 timar for å fulllade eit batteri. Har du kjørt eit stykke, så tek nok handlerunden såpass lang tid at du får lada bilen tilstrekkeleg, og du har det heller ikkje så travelt som dei som er på gjennomfart. Fleksiladaren kan lade alle typar bilar og ladehastigheita vareierer frå merke til merke. I Surnadal blir det også montert ein slik fleksiladar ved Svorkabygget på Skei etter kvart. Dei to ladarane i Surnadal er eit spleiselag mellom Svorka, Surnadal kommune og Amfi surnadal, som bidreg med 1/3 kvar.

DSC_4431

Den nye el-golfen som Sveen Auto tilbyr på «fotosession» ved Valsøybrua. Foto: Jon Olav Ørsal

Salget av elbilar har heller ikkje teke av i Surnadal, men salget har så smått kome i gang, fortel Lars Kristian Todal hos Sveen Auto. Dei tilbyr no WV Up og WV Golf som el-utgåver, uten at dei venter at salstala skal gå til himmels. El-Golfen er akkurat komen inn til lager, og er absolutt eit reelt alternativ, fortel Todal. Den kostar tross alt ca 100.000 mindre enn ein alternativ bil med forbrenningsmotor og med 115 HK og ei rekkjevidde på 15-20 mil må den nok reknast med, seier han og inviterer gjerne på ein prøvetur.

 

 

Først publisert: 12. juli 2014, 23:59 - Sist oppdatert: 13. juli 2014, 00:03