Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Berre røyken frå ruinane att

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juli 2014

Natt til onsdag var det storbrann på Halsanaustan, da den gamle skulebygninga ved Husmorskulen vart totalskadd i brann. Huset var fort overtent, og sjølv om brannvesenet kom fort til var det umuleg å berge den flotte bygninga. Brannvesenet i Halsa fikk etter kvart forsterkningar frå Surnadal, og med felles innsats klarte dei å berge det nye internatbygget.

Slik såg branntomta ut torsdag ettermiddag.   Foto: Jon Olav Ørsal

Berre stabburet og det nye internatet står att etter brannen. Foto: Jon Olav Ørsal

Enno torsdag ettermiddag røyk det frå ruinane, og det brannmannskap dreiv med ettersløkkjing. Den gamle skulebygninga var ikkje i bruk no, men det har pågått litt restaureringsarbeid i bygget. Det er foreløpig ikkje kjent kva som var brannårsaka.

Det gamle skulebygget ved Husmorskulen er frå 1940, og har gjennom tida vore både husmorskule, vidaregåande skule, asylmottak, herregård og selskapslokale. Det er nok mange todalingar som har gått på husmorskule her oppgjennom åra.

Publisert: 10. juli 2014, 20:49