Todalsdagen 2021 kan uten tvil omtalast som ein suksessfull dag på alle vis. Lenge var det usikkert om det kunne arrangerast nokon Todalsdag, på grunn av smittevernreglar og risiko for spreiing av koronasmitte. Etter kvart var det beslutta at ein skulle kjøre eit amputert arrangement utan fotball, slik at ein heldt seg innafor gjeldande reglar for smittevern. Men i tolvte time – eller rettara sag ei veke før arrangementet vart det klar at myndigheitene ville tillate breddeidrett igjen – og dermed fotball.
Les heile saka
Klokka 14:00 i dag var det trekning i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Totalt vart det selt 1383 lodd, som gav ei total inntekt på kroner 27.660,- frå lotteriet, noko idrettslaget er strålande nøgd med! Todalen Idrettslag nyttar høvet til å takke alle som har kjøpt lodd i årets Sommarlotteri, og alle sine samarbeidspartnarar som har gjeve gevinstar til Sommarlotteriet, Tusen takk!
Les heile saka
Blodbanken i Kristiansund var representert på Bordholmen i samband med at mosjonsløpet Ræta Opp vart arrangert i samband med Todalsdagen 2021. Vi trefte Randi Solskjær Tømmervåg og Elisabeth Sandvik som på vegne av Blodbanken i Kristiansund var veldig glade for gåva frå Todalen idrettslag og Ræta Opp. Startkontingenten frå årets arrangement går nemleg uavkorta til Bodbanken i Kristiansund i år. Kor mykje det blir veit dei ikkje før om nokre dagar når alle pengane er komne inn.
Les heile saka
Det var vel inga overrasking at Håvard Gjeldnes fekk bestetid i mosjonsløpet «Ræta Opp» under Todalsdagen 2021 som vart arrangert på Bordholmen laurdag. Håvard leia løpet frå start til mål, men han hadde heile tida Kristoffer Nordvik hakk i hel, og måtte berre gi på for å halde unna. 26 sekunder var differansen ved målgang på Bordholmen. Håvard fekk tida 11.04, medan Kristoffer fekk 11.30. I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som fekk bestetida på 13.46, medan Mari Lien kom på andreplass med 29 sekund på etterskot.
Les heile saka
Det er i kveld mange baller i lufta for å få alt på plass til årets Todalsdag for 2021. Arrangementsstaben ser ut til å ha full kontroll, og kvar og ein står på og har mykje gammel rutine å flyte på. I Todalen ungdomshus var Lars Stensby og Jon Olav Roaldset i gang matlaging – halvfabrikkata til morgonsdagens store grillsatsing var på gang, med blant anna potetsatat og grønnsalat i store mengder var snar ferdiglaga.
Les heile saka
Todalen Idrettslag oppfordrar alle todalingar til å ikkje køyre bil til Todalsdagen, med mindre dette er naudsynt. Alle som kjem med bil til Todalsdagen må følgje instruksjonane frå parkeringsvaktene. Det er parkeringsplassar nedanfor Talgø og på nabotomta til Bordholmen stadion. Det er parkeringsvakter på båe plassane, og det SKAL IKKJE parkerast på andre stadar enn der det er tilrettelagt for parkering.
Les heile saka
Måndag 28. juni startar arbeidet med å legge asfalt på vegen rundt bygda, der det har vore gravearbeid og førebuande arbeid dei siste par vekene, melder Åge Vingsnes hos Mesta. Vegen blir sjølvsagt stengt der det utføres asfaltarbeid, med det blir heile tida gode omkøyringsmulegheiter. Vegane som blir berørt av arbeidet er FV 6145, FV6146 og FV6148. Ta hensyn til vegarbeidet som pågår og køyr forsiktig!
Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri, som har trekning laurdag 26.juni klokka 14:00 under Todalsdagen, er i innspurten med tanke på førehandssal av lodd. Det vil bli selt lodd på Matkroken Todalen i dag frå klokka 15:00 – 17:30 og under Todalsdagen i morgon frå kokka 11:30 – 13:30.
Les heile saka
Torsdag gjekk turen til Brøskehagen, og 33 entusiaster møtte fram for å gå turen til Brøskehagen hyttefelt. Solen var dessverre ikke å se, men til alt hell var det oppholdsvær selv om tåka hang lavt. Turen fram til den ytterste hytta tok ca. 45 min., og det er en passende lengde for denne gruppen. Det var mange flotte hytter å se langs veien utover, og dette er et fint felt som ligger langs sjøkanten. Det var nesten sammenlignbart med Tjøme hvor svaberg ligger langs stranda. På den ytterste hytta var det sågar satt opp en brygge for å lette ankomsten til sjøen.
Les heile saka
Laurdag 26.juni er det duka for den 29. Todalsdagen. Det er med stor glede Todalen Idrettslag i år igjen kan inviterer til Todalsdag med fotballcup, «Litj Ræta» og «Ræta Opp»! I fjor var det ikkje mogleg å arrangere fotballcup under Todalsdagen på grunn av smittevernrestriksjonar, men i år er fotballcupen altså tilbake. Responsen for påmelding har vore god, sjølv om fristen for påmelding var kort.
Les heile saka
Valsøyfjord Sanitetsforening og Halsa Sanitetsforening var torsdag på utror til Todalen, og hadde Nauståfossen og Kårvatn som endepunkt for kløverturen sin denne veka. Da vi trefte dem på Todalshytta var dei akkurat ferdig med traktering der, og var i ferd med å snu nasen heimover til Halsa – eller rettare sag Heim i dobbel forstand.
Les heile saka
I dag har Kløverstafetten mellomlanda i Todalen på sin tur som går landet rundt. Det er i høve 125-årsjubileet til NKS (Norske Kvinners Sanitetsforening) at denne landsdekkjande stafetten arrangerast, og no i dag var det altså Todalen sanitetsforening sin tur til å markere arrangementet. Stafettpinnen kom ved god hjelp av Tor Olav Vatn frå Talgø Tradbo og Nils Ove Bruset hos Talgø Bygg frå Straumsnes til Todalen i morgontimane torsdag.
Les heile saka