Torsdag 19. mai inviterer Surnadal pensjonistlags stavganggruppe til tur på Åsskard. Parkering på parkeringsplassen nedafor kyrkja. Oppmøte til vanleg tid kl 11:00. Hugs å ta med termosen med kaffe – og stolar til kaffepausen etterpå.

Torsdag 19. mai inviterer Surnadal pensjonistlags stavganggruppe til tur på Åsskard. Parkering på parkeringsplassen nedafor kyrkja. Oppmøte til vanleg tid kl 11:00. Hugs å ta med termosen med kaffe – og stolar til kaffepausen etterpå.
Jammen vart den nye terrassen på Todalshytta ferdig i dag, og derme man den takast i bruk alt på 17. mai dersom vêr og temperatur held seg innafor komfortsona. Som vi har skrive tidlegare vil det bli servert 3-retters 17.-maimeny på Todalshytta på grunnlovsdagen.
Les heile sakaMåndag føremiddag var 6.-klassingane på Todalen og Stangvik oppv3ekstsenter på todalstur – nærare bestemt i Austistua på Hala – det det var annonsert kuslepp. 42 våryre kyr og kviger vart slepte ut i sola og finvêret. Det var nok litt av eit sjokk, for vi fekk oppleve mange kåte sprell, og det var nok ikkje alle som var så spreke som dei trudde – litt stivt og sterve må ein rekne med etter eit halvår innendørs.
Les heile sakaFredag 20. mai, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit til helgakosen.
Les heile sakaTodalshytta ønsker velkommen til 3-retters middag i restauranten på 17. mai. Etter mange forespørsler åpner vi restauranten for servering kl. 14:00 til kl. 18:00, og byr på 3 retters 17. mai-meny
Les heile sakaOnsdag 18. mai klokka 18:00 er det duka for lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J11 og Surnadal på Bordholmen stadion. Dette er lokalfotballens El classico, så her er det berre å møte opp, for å få sjå god fotball og noko ein godbit frå kiosken!
Les heile sakaRindal I.L. friidrett har tradisjon for deltaking på vårens vakraste eventyr som Holmenkollstafetten blir kalla. Slik også i år, og laget hamna på 10.-plass med sitt sterke lag noko dei kan være stolte av. Arrangøren hadde litt problem med resultatservicen, men plasseringa er iallfall rett, skriv Rindal IL friidrett på sine FB-seider
Les heile sakaI dag arrangerte Nordvik Båtforening og Nordvik Grendalag dugnad i området der den nye småbåthamna på Nordvik skal byggast. 20 personar møtte opp for å vere med på Dugnadan. Per E. Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, medan Kristoffer Nordvik og Ola J. Nordvik stilte med traktor og hengar.
Les heile sakaI dag var det sesongens siste samling med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med regn, vind og nysnø i fjella var det nok godt å ha ein inneaktivitet å ty til, og strikkekaffen samla da eit lite tjetals deltakarar – mest for å være sosiale og gjæra ting i lag. På strikkekaffe kan du delta sjølv om du ikkje strikkar eller har anna handarbeid – alle er velkomne hit. På dagens samling var det stor spennvidde i alder – faktisk frå 0 til 101 år, og heile gjengen såg ut til å trivast i lag
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. mai. Start frå Matkroken, Todalen, kl. 11:00. Blir du med?
Les heile sakaFjord1 melder om at planlagt nattarbeid natt til 17. og natt til 18. mai er utsett, og det blir difor vanleg drift og normal rutetabell desse to nettene. Fjord1 minner og om at det er søndagsrute på 17. mai.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 14. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka