Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takstmann Øyås AS fortsett veksten

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. juni 2022

Takstmann Øyås AS har dei siste åra hatt ein stor vekst, og har i dag blitt eit av dei største takstforetaka i Midt-Norge. 1. mars vart Jan-Frode Vigdal frå Trondheimsområdet tilsett, og i desse dagar inngår Takstmann Øyås AS formelt samarbeid med Pål Rune Meek i Kristiansund og Ole Romslo Traasdahl frå Lesja.  

Frå før har Takstmann Øyås AS sju takstmenn som opererer i heile Midt-Norge. Takstmann Øyas AS er sertifisert for taksering av næringseigedomar og boligar, skadetaksering, naturskadar og landbrukstaksering. Takstmann Øyås AS dekker såleis alle takseringsbehov innan fast eigedom. 

Takstmann Øyås AS er leiande innan skadetaksering i Midt-Norge, og har i dag dei aller fleste forsikringsselskapa som kundar.

Ekstremværet «Gyda» som herja i regionen i januar, utløyste store bygningsskadar som har betydd mange oppdrag for firmaet. Dei tilsette i firmaet får ros av eigar og dagleg leiar, Nils Håvard Øyås, for å ha vist stort pågangsmot og arbeidsinnsats, langt utover det ein kan forvente. Drivkrafta for å hjelpe folk som har fått skade på eigedomane sine er stor. 

Du kan også lese: «Pressemelding – Takstmann Øyås»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. juni 2022, 06:30